Fire har levert tilbod i konkurransen om Romsdalspakken

Refvik

Administrator
Staff member
Fire har levert tilbod i konkurransen om Romsdalspakken

Måndag 13. august opna Møre og Romsdal fylkeskommune tilboda i konkurransen for dei fire fylkesvegferjesambanda i Romsdalen. – Vi er glade for den store interessa for å drive desse ferjesambanda, seier samferdselssjef Arild Fuglseth.

Kontraktperioden er frå 1. januar 2020 til 31. desember 2033, og gjeld sambanda Aukra – Hollingsholmen, Molde - Sekken, Solholmen – Mordalsvågen og Åfarnes – Sølsnes. Frå januar 2024 blir det fasa inn nye ferjer på Sølsnes-Åfarnes, og kaianlegga i dette sambandet skal byggast om.

Miljøkrav
Det er stilt strenge miljøkrav knytt til ferjemateriellet på sambanda Sølsnes-Åfarnes og Aukra-Hollingsholm. Vidare er det krav om at ferjene som skal trafikkere Sølsnes-Åfarnes skal vere nybygg frå og med 2024.

Fleire reiarlag har levert tilbod
Det er fire reiarlag som har levert tilbod i konkurransen. Kontraktprisane i tilboda er frå om lag 2,250 mrd. kroner til 2,8 mrd. kroner. – Vi vil no starte arbeidet med å behandle tilboda. Det er venta at kontrakt blir tildelt i september, seier samferdselssjef Arild Fuglseth i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Dei fire tilbydarane er:
  • Boreal Sjø AS
  • Fjord1 AS
  • Norled AS
  • Torghatten Trafikkselskap AS
Kilde: Møre og Romsdal Fylkeskommune
 
Etter https://www.veier24.no er det Fjord 1 som har det lavaste tilbodet. Det skal kontrollerast om tilboda oppfyller krava som er sette, men i nokre tilfelle kan ein i tillegg forhandle om nokre vilkår, slik at opphaveleg lavaste pris ikkje automatisk vert vinnar. Nokon som veit kva anbodstype det er snakk om her ?

Passasjer 1
 
Fjord1 ASA får kontrakt for ferjesamband i Romsdal

Møre og Romsdal fylkeskommune har tildelt kontrakten for ferjesambanda Sølsnes-Åfarnes, Molde-Sekken, Solholmen-Mordalsvågen og Aukra-Hollingsholm til Fjord1 ASA.

Kontrakten inneber ein omfattande reduksjon av C02-utslepp, bruk av fossilt drivstoff og samla sett lågare energibruk.

Reduksjon av utslepp

Det vil frå 2024 bli fasa inn elektriske plug-in ferjer på sambanda Sølsnes-Åfarnes og Aukra-Hollingsholm. Ved å sette inn miljøferjer reduserast C02-utsleppa med 7 209 tonn årleg. På sambandet Sølsnes-Åfarnes er det krav om to nye fartøy.

Kontrakten startar opp i 2020

Den nye kontrakten startar opp 1. januar 2020 for sambanda Molde-Sekken, Solholmen-Mordalsvågen og Aukra-Hollingsholm. Sambandet Sølsnes-Åfarnes startar opp 1. januar 2022. Reiarlaget kan bruke overgangsmateriell på Sølsnes-Åfarnes og Aukra-Hollingsholm fram til miljøferjene skal fasast inn. Det blir nye kaianlegg på sambandet Sølsnes-Åfarnes frå 2024.

God konkurranse

-Det har vore god konkurranse om oppdraget, og vi er glad for å redusere miljøutsleppa frå ferjene i Romsdal. Sjølv med god konkurranse om kontrakten, aukar utgiftene til fylkeskommunen, seier samferdselssjef Arild Fuglseth.

Kontraktsummen er 2,260 milliardar kroner. Fylkeskommunen vil også få ein betydeleg kostnad knytt til oppgradering av kaianlegg og infrastruktur til miljøferjer.

Karensperioden for tildeling er 10 dagar.
 
Fra Facebook sidene til Fjord1 :

I dag signerte Fjord1 kontrakta om Romsdalspakken
1f44d_1f3fb.png
1f4dd.png
Dette gjeld sambanda Sølsnes-Åfarnes, Molde-Sekken, Solholmen-Mordalsvågen og Aukra-Hollingsholm. Kontrakta inneber ein omfattande reduksjon av CO2-utslepp, bruk av fossilt drivstoff og samla sett lågare energibruk
1f44d_1f3fb.png
 
Etter sekken.net skal MF "Vågsøy" inn på Molde-Sekken frå neste år. Vert det ombygging til eldrift her også, eller er strekninga i lengsta laget? "Ørsta" kan uansett omdisponerast.

Passasjer 1.
 
Hvilke ferge skal betjene Solholmen-Mordalsvågen fra 1. Januar, er det "Ivar Aasen"?
 
Back
Top