Bølgekraftverk monteres ombord i "Geo Barents"

Refvik

Administrator
Staff member
Klar for kraftverk på skip

Offshorereiarlaget Uksnøy & Co skal montere bølgekraftverk ombord på eigne skip. Skal spare drivstoff.

Reiarlaget ha inngått avtale med bølgekraftverk-produsenten Hydrowave om å installere bølgekraftverk ombord. Straks første kunden for å leige eit slikt skip er på plass blir anlegget montert på skutesidene. Elektrisiteten skal lagrast i batteri og brukast i drifta av skipet,

Dagleg leiar Øystein Uksnøy seier selskapet er i samtalar med interesserte kundar, men kan ikkje kommentere når den første kontrakten er på plass.

Statoil-krav skaper etterspørsel
Uksnøy peikar mellom anna på kravet frå Statoil om batteri ombord i offshorefartya som eit tiltak som stimulerer etterspørsel etter bølgekraftverk ombord.

Statoil vil ha ned CO2-utsleppa og redusere drivstoffkostnadane - som oljeselskapa dekkjer når dei leiger offshorerfarty. Batteri ombord gjer det råd å lagre energi frå bølgekraftverk, og Uksnøy meiner det opnar for betydleg reduksjon i bruken av fossilt drivstoff.

Hotellskip
Uksnøy & Co har dei siste åra leigd ut seismikkskipet "Geo Barents" som hotellskip, altså eit skip som ligg stille. Det er ved den typen operasjonar - skip som ligg stille og blir brukt som til overnatting og forpleiing, vaktfarty og standbyfarty - at bølgekraftverk på skipet skal brukast.

Anlegget Uksnøy & Co skal montere på kvar skuteside blir montert på skinner og heist opp og ut av sjøen når skipet er i fart.

Les mere på sidene til Nett.no (Krever innlogging)
 
"We are pleased to announce that our Hotel Accommodation vessel, Geo Barents, is off to the North Sea again. Here she will play an important role during this year’s maintenance campaign at the Nordsee Ost Offshore Wind Farm as logistical hub as well as accommodating technicians. The Nordsee Ost project is not new to us as the Geo Barents took part in the first-round installation phase back in 2015 / 2016"

Kilde: Patrick Veenendaal via LinkedIn
 
Back
Top