"Bluefort" med destinasjon Ålesund?

vrossi

Member
Ser denne har destinasjon Ålesund. Nokon som veit ka den skal der? Uvanlig skipsbesøk på desse trakter..

Den har en litt interresang historie da den har vore eigd av både Tallink og Estline + fleire andre.

999AE0A8-5080-497D-9092-732FB7DC9A21.jpeg
 
Skal til Vard Langsten i Tomrefjorden for å være hotellskip der, svært mange leigearbeidere ved verftet fortida...
 
Så travle tider på verftet Vard Langsten medan dei gjer ferdig to cruiseskip at dei må ha inn nytt hotell for å få plass til alle arbeidarane:

Flytande hotell skal husa verftsarbeidarane

Verftet Vard Langsten har ikkje plass til alle arbeidarane i brakkebyen. No har dei leigd inn eit hotellskip .

Ved verftet i Tomrefjord har dei mellom anna brakkebyen Trohaugen med 624 rom. Det nye hotellskipet gjev dei 250 nye. Bygdebladet omtalte saka først.

Ferje frå det baltiske hav
Skipet MV Bluefort vart bygd i 1979 og har gått som ferje i det baltiske hav i mange år og nokre år i Middelhavet. Dei siste 11 åra, har det vore hotellskip. Det kanadiske selskapet Brigdemans som eig skipet no, kjøpte og rehabiliterte det i 2015.

– Det fungerer ikkje så bra som ferje lenger. Det har kome nye og raskare skip som er betre til det. Men det fungerer godt som hotellskip, seier den estiske kapteinen Martin Kruus.

Det 43 mann store mannskapet er i hovudsak ukrainsk, med nokre frå Estland og Canada.

Dei har hatt oppdrag fleire stader i Europa dei siste åra, i hovudsak offshore. Når dei ligg ute til havs, ankrar dei berre opp og kan liggje der til dei går tom for mat. Forsyningar får dei med båt.

Kilde: Sunnmørsposten

"Bluefort"
05NYHhotellskip8.jpg

Foto: Staale Wattø via Smp.no
 
Back
Top