Bourbon Offshore Norway selger sju skip

Refvik

Administrator
Staff member
Tilnærma gjeldfritt offshoreselskap med ny avtale på plass

Bourbon Offshore Norway reknar seg som bortimot gjeldfritt etter å ha inngått ein ny restruktureringsavtale.

Det opplyser Bourbon Offshore Norway ved adm. dir. Bjørn Idar Remøy i ei pressemelding fredag ettermiddag.

Avtalen, som er teikna med selskapet sine kreditorar, inneber at sju av skipa vert selde. Det er allereie inngått avtale om sal av fem av skipa. Dette dreier seg om båtar som har vore i opplag dei siste åra. Desse skipa er mellom 16 og 21 år gamle.

Gjeld omgjort til eigarskap
Dessutan er det endra låneavtalar for to av selskap sine skip, der avdraga er betydeleg reduserte. Restgjelda i dag er på 60 millionar kroner.

I tillegg er det konvertert bankgjeld for tre skip og leigeforpliktelsar for to skip, til eigenkapital. Denne kapitalen på 89,7 millionar dollar gjer at kreditorane får aksjar i eit nytt øvste morselskap i Frankrike, SPP

Håper å snu ein negativ trend
Det er også semje om ei overføring av leigeavtalar inkludert all påløpt og framtidig leige for fire skip til systerselskapet i Frankrike. Dette utgjer samla sett 175,6 millionar dollar.

Bourbon Offshore Norway varslar elles at konvertering av gjeld og frigjeving av pant blir gjort ved slutten av den globale restruktureringa, seinast i desember i år.

- Etter gjennomført restrukturering framstår Bourbon Offshore Norway som eit tilnærma gjeldfritt selskap med berre 60 millionar kroner i finansiell gjeld, og med ein betydeleg styrka eigenkapital og balanse, heiter det frå selskapet.

Kilde: Vestlandsnytt
 

Refvik

Administrator
Staff member
Er seks av dei sju følgande:
"Bourbon Jade"
"Bourbon Opale"
"Bourbon Tampen"
"Bourbon Hidra"
"Bourbon Borgstein"
"Bourbon Surf"


Kva med den sjuande?
 
Top