Bunker Oil, Bygg nr. 20 ved Akdeniz Shipard, Bunkers tanker "Kystbunker II"

Refvik

Administrator
Staff member
M/T Kystbunker II

M/T Kystbunker II, kystens nye kjendis vil fra oktober 2017 trave langs norskekysten fra Bergen i sør til Båtsfjord i nord med bunkers- og smøreoljeleveringer til kystflåten og forhandlere.

Kjenningssignal: LETE
Register: NOR
IMO nr:
Skipstype: Olje, tankskip
Material: Stål
Lengde: 42,866 meter
Bredde: 9,700 meter
Dybde: 4,000 meter

Størst lengde: 45,457 meter
Bruttotonnasje:
Nettotonnasje:

Kilde: Bunker Oil

Kystbunker 2a.png


Kystbunker 2b.jpg


Kystbunker 2c.jpg


Kystbunker 2d.jpg

Profiltegning, illustrasjon og bilder: via Bunker Oil
 
Byggjer tankbåt i Tyrkia

Bunker Oil sjekka prisen hos norske verft, men valde å byggje sin nye tankbåt i Tyrkia.

- Ja, det viste seg at det vart så pass mykje billegare å byggje i Tyrkia, at vi til slutt valde den løysinga.

Det seier dagleg leiar Jan Magnus Kleven ved Bunker Oil i Ålesund.

Båten er 46 meter lang og ti meter brei, og skal erstatte dagens Kystbunker, som trafikkerer langs kysten frå Ålesund og nordover og forsyner dei små tankanlegga.

- Dagens båt er 20 år gamal, og er snart moden for pensjonering. Difor valde vi å satse på ny båt, seier Kleven.

Nyebåten får namnet Kystbunker 2.

- Meir oppfinnsomme er vi ikkje, seier Kleven.

Bygginga skjer ved Akdeniz skipsverft ved Adana i sydaust-Tyrkia, like ved grensa til Syria. Her er det bygt to tilsvarande skip før.

- Den ein av desse er levert til Sverige, med godt resultat, seier Kleven.

Lasteevna på båten er på 750 kubikkmeter.

Båten får eit mannskap på åtte, fordelt på to skift på fire som går fire veker på og fire veker av.

Nyebåten skulle etter planen leverast i juli. No er det snakk om september.

- Dette er Tyrkia, med ramadan og ein del andre utfordringar. Men no ser det bra ut, sjølv om valutautviklinga har vore negativ for oss. Likevel får vi ein rimeleg båt.

Les mere på siden til Nett.no (Krever innlogging)
 
Bunker Oil ved Kystbunker planlegger å bygge et tankskip til på 490 Brt, mest truleg i Tyrkia
 
Back
Top