Color Line: – Er strålande fornøgd
Men det vil halde hardt å rekke den opprinnelege planen om å sette verdas største hybridferje i rute frå juni.
Prestisjeprosjektet Color Hybrid vart nyleg teke ut av dokkhallen ved Ulstein verft og ligg no til kai for det siste utrustingsarbeidet. Den 160 meter lange ferja er mellom dei største skipa Ulstein har levert og skal inn på Color Line si rute mellom Sandefjord og Strømstad i sommar.
Dei 43 meter lange skipslogoane som er
levert frå ei lokal bedrift i Ulsteinvik, er på plass – og det same er
svært mykje anna utstyr frå norske leverandørar.
– Stor interesse
Kommunikasjonsdirektør Helge Otto Mathisen i Color Line fortel at han nyleg var i Ulsteinvik og fekk sjå ferja med eige auge.
– Vi er strålande fornøgd med skipet og er sikre på at dette blir veldig bra. Vi har også eigne folk på verftet som følgjer opp arbeidet, fortel Mathisen til NETT NO.
Framleis står det att noko arbeid før skipet er heilt klart til levering. Det betyr at ein er noko forsinka ifølgje tidsplanen om å
levere skipet i mai, slik det vart opplyst i fjor vår. Mathisen påpeiker likevel at dialogen med verftet har vore god heile vegen.
Han forsiktig med å vere konkret på når dei ser føre seg overlevering med tilhøyrande dåp og oppstart.
– Det er sopass stor interesse kring dette prosjektet at vi vil vere 110 prosent sikre på at det blir oppstart frå den datoen vi setter. Til vi veit det, vil vi vere litt tilbakehaldne, seier han.
Les meir på sidene til
Nett.no (Krever innlogging)
"Color Hybrid"
Foto: Marius Rosbach