Fra Geiranger til Ålesund:
Cruiseskip måtte snu - etterlyser kai
Torsdag snudde eit cruiseskip på veg inn til Geiranger på grunn av sterk vind. Det same skjer fredag. Einaste løysing er å bygge kai, seier losveteran.
– Det vart onsdag bestemt at «Magellan» ikkje skulle gå til Geiranger dagen etter fordi det var meldt sterk vind, fortel Torill Havnerås i cruiseagenten European Cruise Service.
Ho legg til at avgjersla vart gjort av kaptein og reiarlag, i samråd med losen.
Torsdag ettermiddag vart det klart at skipet «Columbus» også kansellerer i Geiranger fredag.
Losveteran Bjørn Atle Søvik er ikkje overraska:
– Viss vi vil ha ei trygg og stabil hamn i Geiranger så må dei bygge ei kai, seier Søvik.
I dag har cruiseskipa to val i Geiranger: dei kan ankre opp og feste seg til bøyer, og nytte tenderbåtar for å frakte passasjerane i land – eller dei kan legge til ved Seawalken, ei flytande kai.
– Sjå berre på Ålesund hamn. Det er like mykje og like hard vind der, men det er uhyre sjeldan at skip ikkje kan gå til kai, seier Søvik.
Han var sjølv los i 28 år, og gjekk fleire hundre turar med cruiseskip inn til Geiranger.
Til Ålesund
Etter å ha gjort ein planlagd snuoperasjon i Storfjorden gjekk «Magellan» til Ålesund. Der la skipet til kai.
Les mere på sidene til
Sunnmørsposten (Krever innlogging)