Vil redusere presset:
Stranda hamnevesen seier nei til mange skip i Geiranger
Cruisehamnene varslar stor vekst i år. Men ikkje Geiranger. Dei vil ikkje ha fleire skip, og må ofte seie nei.
– Vi avviser årlege mange skip som vil besøke oss. Så dette er ein bevisst politikk frå vår side, seier hamnesjef Rita Berstad Maraak.
Stranda Hamnevesen vil nemleg ikkje at det skal bli for fullt på hamna i verdsarvbygda. For det er ingen tent med.
– Så vi bruker mykje tid på logistikken, på å finne andre dagar, alternative tidspunkt, forklarer hamnesjefen.
Det har mellom anna resultert i at sesongen blir rekordlang i år. Første skip kjem 3. mai, det siste 25. oktober.
– Og så brukar vi kaia på Hellesylt meir enn før. Medan det er meldt inn 189 anløp i Geiranger i år, blir det 123 på Hellesylt.
Maraak seier at det blir fleire dagar i år der det er skip som berre ligg på Hellesylt, utan at dei også går til Geiranger. Det har ikkje vore vanleg før.
Les meir på sidene til
Sunnmørsposten (Krever innlogging)