Easy Form - Utvidar marknaden for supersjarken

Refvik

Administrator
Staff member
Utvidar marknaden for supersjarken

Gunnar Carlson tek supersjark-ideen sin i mange retningar.

Hos Easy Form i Vågsøy er produksjonen av formene til den oppsiktsvekkande fiskebåten godt i gang. Skulle det kome ein kunde med hastverk kan den første båten leverast alt i haust.

Ein heilt overbygd fiskebåt i kompositt med katamaranskrog og måla 14,99 meter lengde og 8,1 meter breidde, er fartyet som er først i løypa.

FLEKSIBEL: Her er det som opphavleg var tenkt som ein sjark blitt ein arbeidsbåt med mellom anna kran og moonpool bak styrehuset.

Illustrasjon: Easy Form

Men Carlson og utviklingsansvarleg Eivind Flister i Easy Form er godt i gang med å sjå langt ut over fiskebåtmarknaden.

Sightseeing
På teiknebrettet har dei allereie ein sightseeingbåt og ulike arbeidsbåtar, i tillegg til fiskebåten.

Illustrasjon: Easy Form

INNANDØRS: Som fiskebåt skal alt arbeid foregå innandørs.

Illustrasjon : Easy Form

Les meir på sidene til Nett.no (Krever innlogging)
 
Top