Ferge og Fergesamband

Refvik

Administrator
Staff member
#56
Ferja har for stor baug

Norled må droppe planen om å setje bilferja «Hamarøy» inn i sambandet Hareid-Sulesund frå førstkomande måndag.

– Ferja har rett og slett for stor baug. Det går fint å legge til på Hareid, men på Sulesund kjem baugen borti tårna med hydraulikken til køyrebrua, fortel Inge André Utåker, regionsjef for ferjer i Norled.

Norled har lånt ferja frå reiarlaget Torghatten og har tidlegare brukt den i trafikk i Hordaland.

Først då ferja kom til Sunnmøre i går, vart det oppdaga at ho ikkje kan brukast mellom Hareid og Sulesund.

Frå måndag skal C-ferja i sambandet, «Høgsfjord», på eit to veker langt, planlagt verkstadopphald.

– Vi ville setje inn ei reserveferje, for å unngå å ha berre to ferjer i sambandet, seier Utåker.

Han fortel at «Hamarøy» fredag formiddag er på veg til Volda, for å teste om ho kan brukast anten på sambandet Volda-Folkestad eller Volda-Lauvstad.

– Viss det vert klaff, set vi truleg ferja «Folkestad» inn mellom Hareid og Sulesund desse to vekene Høgsfjord er på verkstad, seier Utåker.

Kilde: Sunnmørsposten

For stor baug: Bilferja «Hamarøy» låg fredag morgon i hamna på Hareid.

FOTO: Ole-Ottar Høgstavoll via Vikebladet Vestposten
 

Refvik

Administrator
Staff member
#58
Ferja har for stor baug

Norled må droppe planen om å setje bilferja «Hamarøy» inn i sambandet Hareid-Sulesund frå førstkomande måndag.

Han fortel at «Hamarøy» fredag formiddag er på veg til Volda, for å teste om ho kan brukast anten på sambandet Volda-Folkestad eller Volda-Lauvstad.
Ser ikkje ut til at "Hamarøy" passa på Volda-Folkestad eller Volda-Lauvstad heller, for tirsdag denne veka observerte eg den passere Måløy på sørgåande på ettermiddagen
 

Refvik

Administrator
Staff member
#59
Men søsterskipet til "Ullensvang", "Bjørnefjord" blir nå satt inn på Hareid-Sulesund:

Reserveferje på plass på Hareid-Sulesund

MF Bjørnefjord går no i C-ruta mellom Hareid og Sulesund.

Torsdag morgon var reserveferja på plass i sambandet Hareid-Sulesund.

Det har gått berre to ferjer i sambandet denne veka, etter at C-ferja Høgsfjord vart sendt på eit planlagt verkstadopphald.

No er bilferja Bjørnefjord på plass i C-ruta.

Ifølgje Wikipedia er Bjørnefjord bygd i 1990, og er søsterskipet til MF Ullensvang, som går i B-ruta på Hareid-Sulesund.

Bjørnefjord skal gå i sambandet til Høgsfjord etter planen er tilbake frå 7. mai.

Kilde: Vikebladet Vestposten
 
Top