Ferjesambanda Eidsdal–Linge, Stranda–Liabygda, Hundeidvik–Festøy og Sæbø-Leknes-Trandal-Strandal lyst ut på anbud

Refvik

Administrator
Staff member
#1
Her kjem det miljøferjer

Ferjesambanda Stranda – Liabygda og Eidsdal - Linge vert lyste ut på anbod. Elektrifisering er ein del av pakken.

Enova bidreg med inntil 30 millionar kroner når Møre og Romsdal fylkeskommune held fram med elektrifisering av ferjesambanda.

– Ny teknologi i neste generasjons ferjer kan kutte store utslepp. Ferjesamband egnar seg godt til elektrifisering, og vi ser at ferjeprosjekta også driv utviklinga framover i maritim sektor generelt, seier marknadsdirektør Øyvind Leistad i Enova, i ei pressemelding.

Strenge miljøkrav
Støtten frå Enova går til infrastruktur for å lade ferjene ved kai. Støtta gjer at fylkeskommunen kan stille strengare miljøkrav mellom anna når ferjesambanda Stranda – Liabygda og Eidsdal Linge.

Les meir på sidene til Nett.no (Krever innlogging)
 

Refvik

Administrator
Staff member
#2
Fylkesvegferjene på indre Sunnmøre er ute på anbod

Møre og Romsdal fylkeskommune har no ute anbodskonkurranse for dei fire fylkesvegferjesambanda Eidsdal–Linge, Stranda–Liabygda, Hundeidvik–Festøy og Sæbø-Leknes-Trandal-Strandal på indre Sunnmøre.

Dagens kontrakt går ut i 31. desember 2019, og ny kontrakt vil gjelde frå 1. januar 2020 og fram til 31. desember 2033.

Investeringar på land
Møre og Romsdal fylkeskommune skal ruste opp kaianlegga knytt til Eidsdal-Linge slik at dei kan bli trafikkert av større ferjer. Kaianlegga er i dag små og har avgrensa levetid. Nye kaianlegg skal vere klar til å ta i mot større ferjer frå og med 2024

Betre tilbod på Eidsdalen-Linge
Kapasiteten i ferjetilbodet knytt til at Eidsdal-Linge blir styrka i sommarsesongen. Det er krav om at det skal bli satt inn heilt nye og større ferjer på sambanda Eidsdal-Linge og Stranda-Liabygda, frå og med 2024. Frå dette tidspunktet er kaiene i sambandet Eidsdal-Linge bygd om til å kunne ta imot større ferjer.

Pressa økonomi krev gode løysingar
Møre og Romsdal fylkeskommune har ein svært pressa økonomi i åra framover. –Det er derfor svært viktig at det er god konkurranse om kontraktane framover dersom fylkeskommunen skal kunne realisere gode løysingar innan ferjedrifta, seier samferdselssjef Arild Fuglseth.

Frist for innlevering av tilbod er sett til 24. september 2018 kl. 12.00.
 
Top