Ferjesambanda Eidsdal–Linge, Stranda–Liabygda, Hundeidvik–Festøy og Sæbø-Leknes-Trandal-Strandal lyst ut på anbud

Refvik

Administrator
Staff member
Her kjem det miljøferjer

Ferjesambanda Stranda – Liabygda og Eidsdal - Linge vert lyste ut på anbod. Elektrifisering er ein del av pakken.

Enova bidreg med inntil 30 millionar kroner når Møre og Romsdal fylkeskommune held fram med elektrifisering av ferjesambanda.

– Ny teknologi i neste generasjons ferjer kan kutte store utslepp. Ferjesamband egnar seg godt til elektrifisering, og vi ser at ferjeprosjekta også driv utviklinga framover i maritim sektor generelt, seier marknadsdirektør Øyvind Leistad i Enova, i ei pressemelding.

Strenge miljøkrav
Støtten frå Enova går til infrastruktur for å lade ferjene ved kai. Støtta gjer at fylkeskommunen kan stille strengare miljøkrav mellom anna når ferjesambanda Stranda – Liabygda og Eidsdal Linge.

Les meir på sidene til Nett.no (Krever innlogging)
 
Fylkesvegferjene på indre Sunnmøre er ute på anbod

Møre og Romsdal fylkeskommune har no ute anbodskonkurranse for dei fire fylkesvegferjesambanda Eidsdal–Linge, Stranda–Liabygda, Hundeidvik–Festøy og Sæbø-Leknes-Trandal-Strandal på indre Sunnmøre.

Dagens kontrakt går ut i 31. desember 2019, og ny kontrakt vil gjelde frå 1. januar 2020 og fram til 31. desember 2033.

Investeringar på land
Møre og Romsdal fylkeskommune skal ruste opp kaianlegga knytt til Eidsdal-Linge slik at dei kan bli trafikkert av større ferjer. Kaianlegga er i dag små og har avgrensa levetid. Nye kaianlegg skal vere klar til å ta i mot større ferjer frå og med 2024

Betre tilbod på Eidsdalen-Linge
Kapasiteten i ferjetilbodet knytt til at Eidsdal-Linge blir styrka i sommarsesongen. Det er krav om at det skal bli satt inn heilt nye og større ferjer på sambanda Eidsdal-Linge og Stranda-Liabygda, frå og med 2024. Frå dette tidspunktet er kaiene i sambandet Eidsdal-Linge bygd om til å kunne ta imot større ferjer.

Pressa økonomi krev gode løysingar
Møre og Romsdal fylkeskommune har ein svært pressa økonomi i åra framover. –Det er derfor svært viktig at det er god konkurranse om kontraktane framover dersom fylkeskommunen skal kunne realisere gode løysingar innan ferjedrifta, seier samferdselssjef Arild Fuglseth.

Frist for innlevering av tilbod er sett til 24. september 2018 kl. 12.00.
 
Indre Sunnmøre 2020-2033

Møre og Romsdal Fylkeskommune har i dag innstilt Fjord1 ASA som vinnar av fire fylkesvegferjesamband i Indre Sunnmøre.

Karensperioden er 10 dagar og forventa signering kort tid etter 19.november 2018.

Kontraktsperioden er frå 01.01.2020 til 31.12.2033.
 
Fjord1 er tildelt indre Sunnmøre

Full innertier for Fjord1 på indre Sunnmøre-anbodet.

Fredag vart Fjord1 tildelt kontrakta på indre Sunnmøre av Møre og Romsdal fylkeskommune. Anbodet omfattar drift på ferjesambanda Eidsdal-Linge, Stranda-Liabygda, Sæbø-Leknes og Hundeidvika-Festøya. Anbodet er tildelt ein periode på 14 år, og gjeld frå 1. januar 2020 og fram til 31. desember 2033.

Reduksjon av utslepp
Ved innlevering av anbodet var det sett krav til to tilbod; det eine tilbodet innebar elektrisk drift på sambanda Eidsdal-Linge og Stranda-Liabygda frå og med 2024. Alternativ B (som ikkje blei valt) var eit reint dieselalternativ.

Kontrakta som Fjord1 no er tildelt, inneber ein omfattande reduksjon av CO2-utslepp og bruk av fossilt drivstoff for dei to ferjesambanda Eidsdal-Linge og Stranda-Liabygda når nye fartøy skal settast inn. CO2-utsleppa for desse sambanda blir redusert med om lag 90 %.

Det har vore god konkurranse om oppdraget, og vi er svært glad for å redusere miljøutsleppa frå fylkesvegferjene som ligg tett inn på verdsarvområdet, seier samferdselssjef Arild Fuglseth i ei pressemelding frå fylkeskommunen Møre og Romsdal.

- Fantastisk nyheit
Regionleiar i Fjord1, Odd Reidar Ormåsen er svært glad for tildelinga.

- Eg har nesten ikkje ord for å beskrive kor gledeleg dette er. Kontrakta er kjempeviktig for Fjord1 og vil ved signering ytterlegare forsterke Fjord1 sitt solide fotfeste på vestlandet. Anbodsarbeidet har vore veldig komplekst og tidkrevande, men igjen ser vi at Fjord1-organisasjonen leverer resultat innanfor det viktige anbodsarbeidet. Eg må trekke fram prosjektgruppa og det flotte samarbeidet vi har mellom sjø og land i samband med anbodsprosessen. Det har vore eit suverent engasjement. Kontrakten er blant Fjord1 si største og varigheten er heile 14 år. Vi er også svært tilfreds med at oppdragsgjevar valgte det elektriske alternativet til tross for at dette naturligvis var noko dyrare. Vi gler oss til å ta fatt på oppdraget, seier Ormåsen.

Kilde: Fjord 1
 
Så nye elektriske ferger på dei to ferjesambanda Eidsdal-Linge og Stranda-Liabygda
 
Ser i Veier24.no at Fjord1 sitt tilbod er på ca 2,13 milliardar, og at Norled sitt tilbod er ca 26 millioner høgare. Det er lita forskjell i ei driftskontrakt på 14 år.

mvh Passasjer 1
 
Signerte ferjekontrakt for Indre Sunnmøre

I går signerte Møre og Romsdal fylkeskommune og Fjord1 ASA kontrakten for drifta av fire ferjesamband knytt til fylkesvegane på indre Sunnmøre. Kontrakten startar opp 1. januar 2020

Kontrakten omfattar ferjesambanda Eidsdal-Linge, Stranda-Liabygda, Hundeidvik-Festøy og Sæbø-Leknes-Standal-Trandal.

-Indre Sunnmøre er den fjerde kontrakten Møre og Romsdal fylkeskommune inngår i ny anbodsrunde, og vi er veldig glad for å få på plass nye og miljøvennlege ferjer i heile fylket, seier assisterande samferdselsjef Magne Vinje.

- Vi i Fjord1 er glade for å kunne halde fram drifta vår på sambanda i indre Sunnmøre, og vi ser fram til å vidareføre det gode samarbeidet med fylkeskommunen og ikkje minst mannskapet på sambanda. Vi meiner det er svært positivt at oppdragsgjevar ønskjer «det grønaste» og mest miljøvennlege tilbodet, som inneber elektrisk drift på Eidsdal- Linge og Stranda-Liabygda. På denne måten vil vi bidra sterkt til å redusere miljøutsleppa frå fylkesvegferjene som ligg tett inn på verdsarvområdet. Sambanda er inngangsporten til Geiranger, og her ser vi viktige synergiar til resten av reiselivssatsinga til Fjord1, fortel administrerande direktør i Fjord1, Dagfinn Neteland.
Investeringar på land

Kontraktsummen er på 1, 9 milliardar kroner. Møre og Romsdal fylkeskommune vil òg få ein betydeleg kostnad knytt til oppgradering av kaianlegg og infrastruktur til miljøferjer framover.

Møre og Romsdal fylkeskommune skal ruste opp kaianlegga knytt til Eidsdal-Linge slik at dei kan trafikkerast av større ferjer. Kaianlegga er i dag små og har avgrensa levetid. Nye kaianlegg skal vere klar til å ta imot nye og større ferjer frå og med 2024.
Strenge miljøkrav og reduksjon av utslepp

Kontrakten inneber ein omfattande reduksjon av CO2-utslepp og bruk av fossilt drivstoff for dei to ferjesambanda Eidsdal-Linge og Stranda-Liabygda når nye fartøy skal settast inn. CO2-utsleppa blir for desse sambanda redusert med om lag 90 %.

–Det har vore god konkurranse om alle anboda på ferje dei siste åra. Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for mange ferjesamband, og det vil komme fleire utlysingar i 2019, seier kontraktsjef Jesper Wiig.

Kilde: Møre og Romsdal Fylkeskommune
 
I sambandet Stranda-Liabygda blir dagens "Sykkylvsfjord" bytta ut med "Volda" fra 18. Mai fram til 31. August når dei bytter tilbake.

Siden dette blir nesten ei tredobling av kapasiteten, fra 35 biler til 100 biler, blir det i år ikkje sett inn sommerferge (ferge nr. 2) på dette sambandet i denne perioda som er vanleg gjere

Den nye elektriske ferga skal være klar til Oktober 2023
 
Volda tar ikke 100 pbe lengre.. De har fjernet deler av den ene rampen. Kan tenke meg hun tar en 70-80 biler no..
 
Nytt fergedesign med nullutslipp

Datterselskapet Havyard Design & Solution AS er valgt som designutvikler for to nye batteridrevne ferger som skal opereres av Fjord1 ASA på indre Sunnmøre.

Partene vil i det videre samarbeide tett for å optimalisere designet for mest mulig energieffektiv drift, frem mot endelig designkontrakt i forbindelse med valg av byggeverft.
 
Virtuelt designverktøy

Det vises til børsmelding av 22. oktober 2020 vedrørende informasjon om at datterselskapet Havyard Design & Solution AS er valgt som designutvikler for to nye batteridrevne ferger som skal opereres av Fjord1 ASA på indre Sunnmøre.

Gjennom ti år med forsknings og utviklingsarbeid, blant annet i samarbeid med Sintef Ocean, har Havyard utviklet et virtuelt designverktøy som er unikt i kommersiell sammenheng. De nye fergene blir nå de første prosjektene som får fullt utbytte av verktøyet hvor skip kan nøye tilpasses operasjonen som det skal utføre, i det farvannet skipet skal operere, med stort potensiale for besparelser i energiforbruk og reduserte utslipp.
 
Ikkje nå lenger, har rydda litt :)

Innlegget i denne tråden er en oppfølging på to av sambanda nevnt her med link til egen "byggetråd" kor dei to andre trådane blei slått sammen
 
Det spennande spørsmålet er jo løysningen for ny ferjekai i Eidsdal, og om denne blir klar i tide. Oppstillingsplassen er for lite, mens sjøfylling er lite mulig grunnet dybden på fjorden. The time will show!
 
I Mørenytt skrives det at det frå rundt årsskiftet kan bli dårlegare tilbyd på Hjørundfjorden, fordi den eine ferje skal ta seg av turane til Store Kalvøy, som idag betjenes som bestillingstur frå Sjelten, men den ruten legges ned ettersom deler av Nordøyvegen snart er klart.
Dette er selvfølgelig ikkje noko nytt for dem som har studert anbudsdokumentane, der denne oppsjonen var ein del av anbudet. For meg er det uforklarlig, at denne turen ikkje vart ein del av Brattvåg-Dryna og Ustasundruta sin anbudspakke.
 
I Mørenytt skrives det at det frå rundt årsskiftet kan bli dårlegare tilbyd på Hjørundfjorden, fordi den eine ferje skal ta seg av turane til Store Kalvøy, som idag betjenes som bestillingstur frå Sjelten, men den ruten legges ned ettersom deler av Nordøyvegen snart er klart.
Dette er selvfølgelig ikkje noko nytt for dem som har studert anbudsdokumentane, der denne oppsjonen var ein del av anbudet. For meg er det uforklarlig, at denne turen ikkje vart ein del av Brattvåg-Dryna og Ustasundruta sin anbudspakke.
Ny rutetabell fra 20.12.21 er nå ute hos Fram: https://frammr.no/ezflow_mrfylke/vi...øy+20.12.21-31.05.22+og+09.01.22-31.12.22.pdf
Valderøy skal tydeligvis erstatte Skjeltene som anløpssted.
Ser også at det er "Kvernes" som står oppført som hovedferje i den nye tabellen...
 
Ny rutetabell fra 20.12.21 er nå ute hos Fram: https://frammr.no/ezflow_mrfylke/view/1241568/16+Standal-Trandal-Sæbø-Skår-Valderøya-Store+Kalvøy+20.12.21-31.05.22+og+09.01.22-31.12.22.pdf
Valderøy skal tydeligvis erstatte Skjeltene som anløpssted.
Ser også at det er "Kvernes" som står oppført som hovedferje i den nye tabellen...
Fra fjord1.no
Rute 16 Standal - Trandal: Det er oppgitt feil telefonnummer til fergen på Fjord1.no. Riktig telefonnummer er 41536373
Sambandet vert trafikkert av MF Dalsfjord, tlf.: 415 36 373. Frå 5.januar 2022 blir MF Kvernes satt i rute, tlf. 916 69 340
 
Back
Top