Fire har levert tilbod i konkurransen om Romsdalspakken
Måndag 13. august opna Møre og Romsdal fylkeskommune tilboda i konkurransen for dei fire fylkesvegferjesambanda i Romsdalen. – Vi er glade for den store interessa for å drive desse ferjesambanda, seier samferdselssjef Arild Fuglseth.
Kontraktperioden er frå 1. januar 2020 til 31. desember 2033, og gjeld sambanda Aukra – Hollingsholmen, Molde - Sekken, Solholmen – Mordalsvågen og Åfarnes – Sølsnes. Frå januar 2024 blir det fasa inn nye ferjer på Sølsnes-Åfarnes, og kaianlegga i dette sambandet skal byggast om.
Miljøkrav
Det er stilt strenge miljøkrav knytt til ferjemateriellet på sambanda Sølsnes-Åfarnes og Aukra-Hollingsholm. Vidare er det krav om at ferjene som skal trafikkere Sølsnes-Åfarnes skal vere nybygg frå og med 2024.
Fleire reiarlag har levert tilbod
Det er fire reiarlag som har levert tilbod i konkurransen. Kontraktprisane i tilboda er frå om lag 2,250 mrd. kroner til 2,8 mrd. kroner. – Vi vil no starte arbeidet med å behandle tilboda. Det er venta at kontrakt blir tildelt i september, seier samferdselssjef Arild Fuglseth i Møre og Romsdal fylkeskommune.
Dei fire tilbydarane er:

- Boreal Sjø AS
- Fjord1 AS
- Norled AS
- Torghatten Trafikkselskap AS