Elektrisk over fleire avgangar
Onsdag vart nullutsleppsferja MF Gloppefjord sett inn på det som vert omtala som «Norges mest moderne ferjesamband» Lote-Anda.
Maskinsjef Ole Kasper Tunheim (t.v.) og maskinkadett Ole Christian Trollebø i maskinrommet på elferja MF Gloppefjord. Det blir store endringar i arbeidsdagen. Ein positiv effekt for arbeidsmiljøet i maskinrommet er at det er veldig lite støy. ALLE FOTO: JØRN-ARNE TOMASGARD
– Med 20 minutts avgangar og større ferjer aukar kapasiteten. No blir det slutt på Anda-Lote som flaskehals, seier ein nøgd Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V).
– Klart det er interessant å vere med frå byrjinga. Vi får med oss denne erfaringa frå starten, seier Tunheim. Han har jobba på ferjesambandet Lote-Anda sidan 2014. Då MF Gloppefjord vart sett i drift denne veka, skifta arbeidsdagen i maskinrommet samstundes karakter frå diesel til elektrisitet. Maskinsjefen frå Selje har stor tru på den nye teknologien.
– No har eg vore med ferja frå Gibraltar, og vi har testa her dei siste dagane. Teknologien verkar godt. Det er ikkje noko problem at elmotoren driv ferja, drifta verkar veldig godt på batteri, seier Tunheim.
Les meir på sidene til
Fjordenes Tidende
"Gloppefjord" rett etter at ho vart sett i drift mellom Lote og Anda. Ferja er 106 meter lang og kan ta 120 personbilar
Foto: Ukjent via Fjordenes Tidende