Fjord1, Bygg nr. 1135 & 1136 ved Tersan Shipyard, Bil- & Passasjerferge 2x "TBN"

Fergebossen

Active Member
Ser at Fjord1 nå søker etter byggetilsyn på nye ferger for de anbudene de vant på vestlandet. Der viser de en liten illustrasjon av den/de aktuelle fergene
IMG_2271.png
 
Fra stillingsannonsa til Fjord1:

Fjord1 søkjer etter ein maskinist til eit spennande engasjement som byggjetilsyn inspektør ved Tersan Shipyard i Tyrkia under bygging av ny ferje til sambandet Rysjedalsvika-Krakhella-Rutledal, samt ferjer til andre samband.

I perioden fram til ein etablerar seg på byggjetilsyn deltek inspektørane i prosjektplanlegging og godkjenning av utstyr og teikningar frå hovudkontoret i Florø.

Kvar av ferjene skal ha kapasitet til 60 personbileiningar og 199 passasjerar, og vil bli utrusta med batteri og ladesystem for elektrisk drift på sambanda. Design og teikningar er det LMG Design som står bak.

Fartøya skal leverast frå verft mellom oktober 2026 og januar 2027.


01d875cd-7f0f-417b-9cc6-6b1bff5695c4.jpg
Illustrasjon: LMG Marin
 
Kor mange nybygg skal Fjord1 ha? "Losna" som går i Krakhellasambandet no, må elektrifiserast, men oppfyller vel dei andre krava også i det nye anbodet. Eller er det snakk om styrking av andre samband også, lik Jondal-Tørvikbygd der det var krav om ei ferje, men der det no er snakk om to ferjer 5 månader i året. THN har vel også i drift fleire ferjer med større kapasitet enn kravet var.
 
Lurer meg på om det er to like ferger som Fjord 1 har bestilt ved Tersan Shipyard med design fra LMG Marin
 
De
Lurer meg på om det er to like ferger som Fjord 1 har bestilt ved Tersan Shipyard med design fra LMG Marin

Veit ikkje, men det kan vere fornuftig. Om dei set inn "Losna" på Askvoll-Værlandet, der det vel ikkje er krav om elektrisk drift, og nybygga på Krahkhella og Stårheim -Isane oppfyller dei anbodskrava. "Selje" på Stårheim-Isane må uansett skiftast ut og "Losna" passar vel betre på sambandet til Værlandet enn "Nordfjord" som går der no?
 
Så den andre nye ferga på sambandet Stårheim-Isane?
Eg veit ikkje. Uansett er Fjord 1 i manko for ei elektrisk ferje. Når det er 15 års kontrakt og det sikkert er rabatt for to like ferjer, kan det vel vere økonomisk lønsamt å bestille ei ferje ekstra sjølv om er litt opp og fram før dei får bruk for henne. Det har vore varierande opplysningar om kvar det er krav om heilelektrisk drift og der det kan vere delelektrisk, har prosentdelen delvis variert. Det kan også tenkjast at det er avtalt strengare krav enn det var i utlysinga. Nokon som veit?
 
Back
Top