Havila Kystruten - Vil byggje fire hurtigruter

Refvik

Administrator
Staff member
Vil byggje fire hurtigruter

Per Sævik tek opp kampen med Hurtigruten og satsar over tre milliardar kroner på bygging av fire miljøvenlege skip.

- Vi hadde ikkje satsa så mykje pengar og arbeid viss vi ikkje hadde god tru på å vinne fram, seier Per Sævik.

Hurtigruten AS har allereie signalisert at det selskapet vil konkurrere på alle tre pakkane på tre, fire og fire skip som skal segle Kystruta Bergen – Kirkenes. Per Sævik seier at han ikkje er redd for konkurranse frå Hurtigruten.

- Det selskapet har ein fordel ved at ein kan tilby eldre og rimelegare skip. Samstundes vil vi nok skåre høgt på miljø, som det skal leggjast stor vekt på, seier Sævik.

Han fryktar ikkje at dei to selskapa vil øydeleggje for kvarandre.

- Nei, dette vil garantert greie seg i sjøen så fort som departementet har fordelt anbuda. Det er også slik at vi pliktar å samarbeide om eit ruteopplegg dersom kontraktane vert fordelte på meir enn ein aktør.

Herøy-satsing
Det er familieselskapet Havila Kystruten som har lagt inn anbudet, og ikkje Fjord1, som Sævik-familien er majoritetseigar i.

- Nei, dette er ei satsing i vår eigen regi, og der vi kjem til å leggje hovudbasen for satsinga på Mjølstadneset i Herøy.

Det er Havila Management som vil få ansvaret for dei rundt 300 tilsette på dei fire skipa, om Havila Kystruten vinn fram.

- I tillegg vil vi byggje opp ein eigen organisasjon med eigne tilsette, seier Sævik.

Kvart av dei fire Havila-skipa vert 125 meter lange og 20 meter breie. Om bord skal det vere plass til om lag 700 passasjerar.

- Standarden vert høg, seier Sævik.

LNG + batteri
Det er Havyard Group som har designa skipa, der det er lagt stor vekt på miljøvenlege løysingar.

- Dette vert LNG-skip (flytande naturgass, red merk), i tillegg til at det vil vere store batteripakkar om bord.

- Mellom anna vil turane inn Geirangerfjorden skje kun på batteri, seier Sævik.

Havila Kystruten har forhandla med både norske og utanlandske verft om bygging av skipa, mellom anna verft i Kroatia og Spania.

- Totalt vil det vere snakk om ei investering på over tre milliardar kroner, seier Sævik.

Les meir på sidene til Nett.no (Krever innlogging)

BATTERI: Kvart av skipa til Havila Kystruten vert 125 meter lange, 25 meter breie og ha plass til rundt 700 passasjerar. Skipa skal gå på LNG, i tillegg til å ha store batteripakkar, slik at ein mellom anna kan gå inn Geirangerfjorden på batteri.
HavilaKystruten.jpg
Illustrasjon: Havyard Design & Solutions
 
Trur ditta må være desidert styggaste skipet eg nokon gong har sett........Når det kjem til nybygg vel og merke .

Ser ut som de hadde dårlig tid på å levere anbudet og har brukt copy pasta på halve skipet. Håper virkelig de kommer med et nytt design!
 
Can't say I like it. It reminds me of a cattle carrier on the one hand and of a converted PSV on the other hand.
 
How will cargo handling be for the part of the route between Tromsø-Kirkenes-Tromsø?

There is no sideport on port side of the vessel on the illustration as todays Coastal Express have?
 
Back
Top