Nydeleg! Og som eg skreiv, MIDNATSOL var mitt desiderte favorittskip, med sine flotte lugardekk i valnøttre. Eg budde i Finnmark 1978-81 og brukte Hurtigruta mykje, både privat og i tenesta i Finnmark fylkeskommune. Då var der attpåtil postkontor om bord, nord for Trondheim, og ein kunne ta ut pengar på Postsparebankboka.
Vi hadde mykje ulike meiningar, fylkesingeniøren och hans avdelingsingeniør og eg. Dei meina at Hurtigruta vart utdatert og det var fly og bil som gjaldt. Så skulle vi på same bygningsrådsmøte i Måsøy kommune i Havøysund. Eg kom frå eit kurs i Trondheim, hadde såvidt rukke flyet frå Værnes, av di vegane var så glatte, såvidt kome meg ned på og opp igjen frå Tromsø flyplass (bytte frå SAS til Widerøe) og høyrde i drosja i Hammerfest at flyplassen i Tromsø var stengd på grunn av snøuvêr. Eg natta over i Hammerfest og tok Hurtigruta til Havøysund i full storm, og kom til møtet ein halv time forseinka. Dei to ingeniørane var ikke å sjå. Det synte seg at dei hadde køyrt heile vegen frå Vadsø og nærapå kome fram til ferjelægjet i Snefjord, men ikkje heilt men måtte snu, omlag 60 mil frå Vadsø.
Dagen etterpå sat me nokre få i 1. plass-salongen på FINNMARKEN og høyrde på radio korleis alle fly - SAS såvel som Widerøre - var sette på bakken, alle vegar, som pla stengjast ved uvêr og i tillegg vegen mellom Tana og Karsjok, var stengde og alle lokalbåtar låg vêrfaste. Men Hurtigruta gjekk. Rett nok sløyfa me Gamvik og når vi kom til Mehamn laup 2. styrmann runt og spurde om nokon skulle av der. Når det ikkje var det slog me bakk og gjekk snøgt ut av Mehamn att. Me sløyfa ôg Berlevåg og Vardø.
Etter det den hendinga høyrde eg ikkje så mange kommentarar frå ingeniørane om korleis det var best å reise!