Island-fartøy på Titanic-oppdrag
Eit nytt og heilt spesielt oppdrag ventar mannskapet på Island Pride når båten er ferdig med noverande jobb i Det karibiske havet.
Fleirbruksfartøyet til Island offshore er innleigd til å vere moderfartøy under ein vitskapleg ekspedisjon til vraket av Titanic. Ved hjelp av ein nyutvikla ubåt skal vitskapsfolk gjere ei grundig scanning av vraket som ligg på 4000 meters djup utfor New Foundland.
I tillegg til det vitskaplege skal utbåten, som kan ta fem personar om gongen, også bringe med seg turistar som er villige til å betale dyrt for å kome ned til verdas mest omtalte skipsvrak. Nokre av seta på ubåten skal vere selde for meir enn 100.000 USD kvar
Les meir på sidene til Vestlandsnytt
"Island Pride"
EKSPEDISJON: Island Pride skal etter utført oppdrag i Det karibiske havet til Titanic-ekspedisjon ved New Foundland.