Møre og Romsdal fylkeskommune lyser ut driften av Larsnes-Åram-Voksa-Kvamsøya, Årvika-Koparneset og Volda-Lauvstad

Refvik

Administrator
Staff member
Møre og Romsdal fylkeskommune lyser ut driften av Larsnes-Åram-Voksa-Kvamsøya, Årvika-Koparneset og Volda-Lauvstad

Statens vegvesen inviterer på vegne av Møre og Romsdal fylkeskommune (heretter kalt Oppdragsgiver) til konkurranse om drift av fylkesvegferjesambandene Larsnes-Åram-Voksa-Kvamsøya, Årvika-Koparneset og Volda-Lauvstad.

Løyve for sambandene vil bli tildelt for 11 år regnet fra 01.01.2021 for sambandet Volda-Lauvstad, og 10 år regnet fra 01.01.2022 for sambandene Larsnes-Åram-Voksa-Kvamsøya og Årvika-Koparneset. Konkurransen er kunngjort i doffin.no via http://www.mercell.no.

Møre og Romsdal fylkeskommune er løyvemyndighet for fylkesvegferjer i Møre og Romsdal. Tildeling av løyve reguleres av yrkestransportloven av 21. juni 2002 nr.45 og Forskrift om yrkestransport med motorvogn og fartøy av FOR-2003-03-26-401.

Innlevering av tilbud regnes også som søknad om løyve for drift av sambandene i «Ytre Sunnmøre 2021-2031». Etter at anbudskonkurransen er sluttført, vil tildeling av løyve skje gjennom et forvaltningsmessig enkeltvedtak.

Meir info og vedlegg på Mercell.com
 

Refvik

Administrator
Staff member
Frist for å gi tilbud er 20. september i år, så det er nermer seg...
 

Refvik

Administrator
Staff member
Signerte kontrakt for Ytre Sunnmøre

Om kontrakten
Kontrakten startar opp 1. januar 2021 og gjeld fram til og med 31. desember 2031. Kontrakten gjeld drift av ferjesambanda Volda-Lauvstad, Årvika-Koparneset og Larsnes-Åram-Voksa-Kvamsøya. På sambandet Årvika-Koparneset skal det settast inn miljøferje frå 2022. Dette er eit viktig tiltak i det grøne skiftet.

– Ytre Sunnmøre er den femte kontrakten Møre og Romsdal fylkeskommune inngår i ny anbodsutsetting av ferjedrifta i Møre og Romsdal, og det er gledeleg at vi reduserer utsleppa også i denne kontrakten, seier avdelingssjef for FRAM, Stig Helle-Tautra.

– Vi er meget glade for at Norled får fornya tillit og skal drive vidare Ytre Sunnmøre sambanda heilt fram til 2032, og dermed kan fortsette å levere gode reiseopplevingar for våre passasjerar, seier viseadministrerande direktør Lars Jacob Engelsen i Norled.

Investeringar på land
Kontraktsummen er på om lag 1 milliard kroner. Møre og Romsdal fylkeskommune vil og får ein betydeleg kostnad knytt til oppgraderingar av kaianlegga for sambandet Larsnes-Åram-Voksa-Kvamsøya slik at kaiane kan ta i mot nyare og større fartøy frå 2025. I dag er kaianlegga små og har svært avgrensa levetid.

Det skal også gjerast investeringar knytt til infrastruktur for miljøteknologi på sambandet Årvika-Koparneset.

Krevjande økonomi
Møre og Romsdal fylkeskommune må redusere driftsnivået framover på grunn av den krevjande økonomiske situasjonen til fylkeskommunen. Møre og Romsdal fylkeskommune er difor heilt avhengig av eit fortsatt godt samarbeid med Norled omkring utviklinga av transporttilbodet på Sunnmøre. – Vi ser fram til å fortsette samarbeidet med Norled på desse sambanda, og særleg til god samhandling i høve ombyggingsperioden på kaianlegga, seier samferdselsdirektør Arild Fuglseth i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Kilde: Møre og Romsdal Fylkeskommune
 
Top