Nordnes med unikt byggeprosjekt på Kleven
Nye Kleven blir gitt ein fantastisk god start av reiarlaget NordnesGruppen og Vegsund Slip, ved å inngå ei ombyggingskontrakt på eit trål/snurrevad-fartøy. Kontrakta er mynta på eit gjensidig tillitsforhold med stor grad av risikofordeling.
-Vi skal bygge ein hekktrålar for Nordnes, eit heilt unikt prosjekt. Vi skal ta ein eksisterande båt og bygge den heilt totalt om til å innehalde alt reiarlaget ynskjer av nyvinningar og mengder av grøn teknologi. Vi har stor tru på prosjektet og synest det er spanande å vere fyrst ute ilag med NordnesGruppen om å definere ein ny type fiskefartøy, fortel Bollestad.
Forskipet frå båten har allereie komt til Kleven. Det skal byggast om til å bli ein topp moderne og energieffektiv fiskebåt, som skal fungere som eit kombinert trål/snurrevad-fartøy for kvitfisk, rødfisk og reker.
-Kleven Verft har ein dyktig arbeidsstokk med høg kompetanse og ein skrogbyggingskapasitet som er unik i Noreg. Vi ynskjer å bruke lokale leverandørar og arbeidskraft, samt bevare kompetansen på skipsbygging på Sunnmøre, så det er gledeleg at vi kan samarbeide med Kleven i dette avanserte prosjektet, seier Tormund Grimstad, dagleg leiar i NordnesGruppen.
- Vi er veldig takksame for at Nordnes ynskjer å hjelpe oss i gang med Nye Kleven. Dette samarbeidet betyr enormt mykje for mange. Både våre tilsette, underleverandørar, bankane og lokalsamfunnet får glede av dette, seier Bollestad.
Fakta om kontrakta med Nordnes AS
Reiarlaget Nordnes AS har bestilt ei total ombygging av ein tidlegare fiskebåt. Den skal bli eit topp moderne trål/snurrevad-fartøy. Kleven skal mellom anna forlenge båten, bygge nytt maskinrom, nytt overbygg med topp moderne fasilitetar, nye motorar og framdriftssystem. Skipet blir utstyrt med store batteripakkar for å redusere forbruk, og det blir elektriske vinsjar, ny fiskefabrikk og mykje meir. Dette blir det mest energieffektive og grøne trål/snurrevadfartøyet som finnast på marknaden, med mange nyvinningar og nye måtar å tenke utøving av fiskeri på.