Norled - Hordaland Rutepakke 3

Refvik

Administrator
Staff member
Miljøkontraktar også for dei siste to ferjesambanda i Hordaland

Fylkesutvalet i Hordaland har i dag tildelt kontrakt for ytterlegare to ferjesamband i fylket. Etter dette er samtlege 17 samband til Hordaland fylkeskommune tildelt nye miljøkontraktar.

Det vert stilt strenge miljøkrav til dei nye ferjekontraktane, dette inneber ein omfattande reduksjon i CO2-utslepp, forbruk av drivstoff og energibruk. Dei to siste sambanda som no er tildelt er Fjellbergsambandet og Klokkarvik-Lerøy-Bjelkarøy-Hjellestad.

Høg grad av elektrifisering
Kontrakten for desse to sambanda er tildelt Norled AS. Løysinga inneber høg grad av elektrifisering av sambanda. Utrekningar viser at Norled i sitt tilbod har plikta seg til å redusere CO2-utsleppa på desse sambanda med 86 prosent i høve dagens utslepp. Norled har vidare forplikta seg til å redusere energibruken for desse sambanda med 58 prosent i høve dagens energibruk.

- Vi er svært nøgde med miljøløysingane ein har kome fram til i dei nye kontraktane, seier fungerande fylkesvaraordførar Roald Kvamme. Dei politiske partia i fylkestinget i Hordaland står samla bak tildelinga.

Start i 2020
Den nye kontrakten startar 1. januar 2020, med kontraktslengde på 9+1 år. Karensperiode for tildelinga varar fram til 15. mai 2017. Kontraktane vil verte signert etter at karensperioden er over.

Val av miljøløysing på det einskilde samband vil kunne medføre endringar frå dagens tilbod.

- Ved elektrisk drift kan det på einskilde samband verte behov for lengre liggetid ved kai for lading. Rutetider vil bli fastsett for kvart av sambanda i samarbeid mellom operatør og oppdragsgjevar innanfor dei rammene som låg føre i konkurransegrunnlaget, fortel direktør for Skyss, Oddmund Sylta.

Samtlege samband tildelt
Fjellbergsambandet og Klokkarvik-Lerøy-Bjelkarøy-Hjellestad utgjer rutepakke 3. Etter denne tidelinga er det inngått nye kontraktar for alle dei 17 sambanda i Hordaland.

Sambanda i rutepakken er:
• Fjellbergsambandet
Klokkarvik-Lerøy-Bjelkarøy-Hjellestad


Kilde: Hordaland Fylkeskommune
 
Noken som veit kva ferger Norled skal bruke for desse to sambanda?

Blir det ombygging eller nybygg?
 
Stemmer bra det, utdrag fra Elektrisk kontraktdryss til Westcon:

Følgende omfattende oppdrag har Westcon Power & Automation nylig mottatt:
- Leveranse av kraftsystem på fergen Ytterøyningen og tilhørende to ladeanlegg til bruk av rederiet Norled på strekningen Fjellberg – Bjoa-Sydnes
 
Norled AS

Klokkarvik-Lerøy-Bjelkarøy-Hjellestad:

  • Hjellestad (16 bilar) (Nårasund (11 bilar) ca. fram til februar)
Fjelberg-Sydnes-Utbjoa-Borgundøy:
  • Ytterøyningen (38 bilar) (Sveio (26 bilar) ca. fram til juli)
Kilde: Skyss - Nye ferjer 2020
 
Back
Top