Northern Star III Ltd., Bygg nr. 397 ved Kleven Verft, Explorer Fartøy "TBN"

Refvik

Administrator
Staff member
#1
Kleven skal levere explorer-fartøy i samarbeid med Lürssen

Det nye explorerfartøyet skal byggast ved Kleven Verft i Ulsteinvik.

Kleven har inngått kontrakt om bygging av eit 100 meter langt explorer-fartøy. Kontrakten er inngått i samarbeid med tyske Lürssen, som er verdsleiande innan design og bygging av store yachtar.

Fartøyet vil bli bygd, teknisk sluttført og delvis utrusta ved Kleven Verft i Ulsteinvik, medan sluttutrusting og innreiing vert gjort ved Lürssen sitt Blohm+Voss-anlegg i Hamburg.

- Vi er stolte over å kunne offentleggjere det første resultatet av samarbeidet mellom Kleven og Lürssen, seier Ståle Rasmussen, konsernsjef i Kleven.

- Med over 140 års historie i luksusyachtmarknaden, er Lürssen det desidert mest erfarne og kunnskapsrike selskapet i bransjen, og vi er stolte over at dei har valt Kleven som sin langsiktige partner for uvikling av framtidsretta, høgteknologiske fartøy. Dette første fartøyet skal blant anna ha ein stor og avansert batteripakke.

- Kombinasjonen av Lürssen sine verdsleiande design og Kleven sitt moderne og robotiserte produksjonsanlegg vil gje kundane eit kvalitetsprodukt utan like, og vi vonar dette vil bli eit fruktbart samarbeid for alle partar, seier Ståle Rasmussen.
 

Refvik

Administrator
Staff member
#5
Fra Facebook sidene til Salt Ship Design:

New contract in new segment

Salt to deliver design and engineering for its first Exploration Vessel.

Salt has entered into a design and engineering contract with Kleven for a large Exploration Vessel. The design is developed in close cooperation with Kleven, the German company Lürssen, and the Owner. The Vessel is a well-equipped high-tech Vessel designed for operation in rough seas and polar areas.

The Vessel will be built at Kleven Verft in Ulsteinvik, and the interior part and final outfitting will be done at Lürssen in Hamburg. With over 140 years of history in the luxury yacht market, Lürssen is by far the most experienced and knowledgeable company in the Yacht segment.

Salt is very pleased to work jointly with the parties to deliver a comprehensive design and engineering package for the vessel.
 

Refvik

Administrator
Staff member
#6
Fra Sunnmørsposten:

"Konsernsjef Ståle Rasmussen i Kleven framfor dei førebelse teikninga på luksusaychten, som Kleven skal byggje for ein ukjent kunde. Yachten er så diger at den blir omtala som eit ekspedisjonsskip og er designa av Salt Ship på Stord"

Foto: Marius Rosbach via SMP
 

Refvik

Administrator
Staff member
#7
I følge skipsregisteret står Northern Star III Ltd. på Cayman øyene som eiger av denne, kven som står bak dette igjen blir vel vanskeleg å finne ut av...
 
#8
I følge Sunnmørsposten står Kleven i fare for å misse kontrakt på explorer-fartøyet.
Lürssen ønskjer å kansellere kontrakten med verftskonsernet.
 

Refvik

Administrator
Staff member
#9
Fleire vanskar for Kleven:

Står i fare for å misse kontrakt på explorer-fartøyet

Problem for Kleven.

(Vikebladet): Vikebladet Vestposten erfarer at samarbeidspartnar Lürssen ønskjer å kansellere kontrakten med verftskonsernet.

Kjelder av Vikebladet Vestposten fortel at dei tilsette i Kleven har blitt orientert om situasjonen.

Det bekreftar også konstituert konsernsjef i Kleven, Olav Tanberg, søndag kveld.

- Dei tilsette fekk vite om dette i ein interninfo no før helga, seier Tanberg.

Skulle vere fyrste samarbeidsprosjekt
Det var i november 2017 Kleven kunne annonsere at dei hadde inngått kontrakt med ein ikkje namngjeven kunde om bygging av eit 100 meter langt explorer-fartøy.

Ein kontrakt som blei inngått i samarbeid med det tyske Lürssen-konsernet, som er heilt i verdstoppen innan design og bygging av store yachtar.

Fartøyet skulle byggast, få teknisk sluttføring og delvis utrustast ved Kleven Verft, medan sluttutrusting og innreiing skulle gjerast ved Lürssen sitt Blohm+Voss-anlegg i Hamburg.

Levering var planlagt til 2019.

Konsernsjefen den gongen, Ståle Rasmussen, uttalte etter kontraktssigneringa at dette var det fyrste resultatet av samarbeidet mellom konserna.

No kan det derimot sjå ut til at dette ikkje blir noko av.

Les meir på sidene til Sunnmørsposten
 

Refvik

Administrator
Staff member
#10
Kleven-sjefen: -Lite sannsynleg med bygging

For eit par veker sidan fekk Kleven-sjef Olav Tanberg den første meldinga om at tyske Lürssen ikkje ville ha bygd luksus-ekspedisjoncruiseskip i Ulsteinvik likevel.

Etter eit møte mellom Kleven og tyske Lürssen i førre veke seier Tanberg at han reknar det som "lite sannsynleg " at cruisefartyet blir bygd hos Kleven.

Då kontrakten blei offentleggjort i fjor haust var det glede på verftet.

No handlar det om å minimere skaden.

Kan bli rettsak
Tanberg ønskjer ikkje å kommentere kvifor Lürssen ikkje lenger vil at Kleven skal bygge det 100 meter lange cruisefartyet. Planen var å byggje skipet hos Kleven og utruste det ferdig i Tyskland.

Grunnen er mellom anna at saka kan hamne i retten, sjølv om Tanberg seier det mest realistiske og ønskjelege er å bli samde om ei avvikling av kontrakten gjennom ei minneleg ordning.

Les meir på sidene til Nett.no (Krever innlogging)
 
Top