"Nye Kystveien" Wilhelmsen ønsker å gjenoppta Kystveien mellom Bergen & Stavanger med hydrogen lasteskip.

Håkon Lunde

Active Member
Ny rute mellom Bergen og Stavanger
Som ein del av satsinga på Mongstad, vil reiarlaget Wilhelmsen byggja to lasteskip, som begge skal bruka hydrogen som drivstoff.

– Vi planlegg to skip som skal gå i fast rute mellom Mongstad og Stavanger, med anløp i åtte hamner, seier Steinar Madsen.

Han er prosjektleiar i skipsprosjektet som har fått namnet Topeka. Målet med dei to skipa er å flytta gods frå vogntog på E39 til sjø mellom bergensområdet og Stavanger. Og samstundes å gå frå diesel til nullutslepp i varetransporten.

Skipa vil få ein kapasitet som svarar til 60 vogntog i døgeret. Målet er å få 20.000 av dei over 100.000 vogntoga, som årleg rullar mellom dei to byområda, over på sjøtransport.

– Skipa blir ein ny standard, dei får utsleppsfri rekkevidd på 700 kilometer. Det blir som å gå frå Buddy til Tesla på havet, seier Madsen.

Dei nye skipa skal også distribuera hydrogen frå fabrikken på Mongstad til seks oljebasar. Dette blir så fyllestasjonar for hydrogen til kystskipsfarten i framtida. Også distribusjonen av det nye drivstoffet blir konteinarbasert.

Satsar på oljeselskapa
– Last for oljeselskapa blir solen som denne ruta skal byggast på i byrjinga. Det er derfor ein føresetnad at oljeindustrien stiller opp, og er med for å få ned CO₂-utsleppa sine. Men vi treng også å få med andre som skal ha varer frakta, og som vi snakkar med no. Eg trur dette er rette tida, då mange seriøse verksemder no jobbar for å få ned klimaavtrykket, seier Madsen.

Han peikar på at dette breie industrisamarbeidet som her er i gang, er ein føresetnad for å få til ein overgang til hydrogen som maritimt drivstoff.

Ifølgje Madsen er kvart av dei nye skipa estimert til å kosta mellom 350 og 400 millionar koner.

– Den totale investeringa blir på over 700 millionar kroner, og vi vonar at norske verft vil vera med her. Fleire norske industriverksemder er alt inne i prosjektet, og skipa vert teikna av LMG marin i Bergen, seier Madsen.

Topeka-prosjektet har alt inne ein søknad om støtte i EU-systemet til utvikling av brenselcellene. Wilhelmsen vil dessutan søka støtte frå Enova.



1589203373864.png
Bilde Wilhelmsen / lmg marine.
 
Back
Top