Rem Offshore kjøper MMC 887 CP "Lewek Aquarius", blir "Rem Aquarius"

Master

New Member
Båt nummer sju i Rem-flåten

Rem Offshore har kjøpt det seks år gamle offshorefartøyet Lewek Aquarius.

- Ja, det stemmer, seier dagleg leiar Fredrik Remøy.

Han opplyser at Herøy-selskapet har fått ein treårig kontrakt med eit større seismikkselskap.

- Vi har ein særs kompetent organisasjon med lang erfaring innan seismisk operasjon, og det var derfor naturleg for oss å bygge vidare på dette fundamentet, seier Remøy.
Han opplyser at den aktive støtta frå aksjonærane har vore avgjerande for at selskapet kunne ta overlevering av dette skipet så raskt som ein gjorde.

Singapore-ombygging
No skal båten ombyggjast. Den operasjonen skal gjerast ved eit verft i Singapore. Mellom anna skal det om bord ein hangar.

- Dette verftet har gjort slike ombyggingar tidlegare. Sidan vi henta båten i Namibia, valde vi å gjere ombyggingsarbeidet i Singapore, seier Remøy.

Lewek Aquarius vart bygt ved Remontova-verftet i Polen i 2012.

Les meir på sidene til Nett.no (Krever innlogging)

"Lewek Aquarius"
Baat-nummer-sju-i-Rem-flaaten_fullwidth.png

Foto: Remontowa
 
Skal byggast om til nodeseismikk, dvs på med hangar og helidekk, samt kran og utstyr for handtering av noder
 
"Rem Aquarius" ligger til kai her i Tema i Ghana - vanskeleg å få tatt bilde av den
RemAquarius.jpg

Foto: Oddgeir Refvik
 
Litt bedre vinkel for å ta bilde av "Rem Aquarius" da vi gjekk fra kai på tirsdag, men fortsatt et par lysmaster i veien...
RemAquarius2.jpg

Foto: Oddgeir Refvik
 
"Rem Aquarius" ved Green Yard Kleven for demobilisering samt klargjøring for nytt chart
Rem Aquarius 01.jpg

Rem Aquarius 02.jpg
Begge foto: via verftet
 
Back
Top