Robyn & Graeme Hart, Bygg nr. 370 ved Kleven Verft, MT 5006 Mk II ESV "Ulysses"

Refvik

Administrator
Staff member
Ny kontrakt på luksusyacht frå Kleven

Kleven har inngått kontrakt om bygging av ein 116 meter lang luksusyacht av typen MT 5006 MKII ESV. Kunden er Graeme Hart, somfor tida har eit fartøy av samme type under bygging ved Kleven Verft.

Det nye fartøyet vert nær ti meter lenger enn fartøyet som er under bygging, og er i likheit med det første fartøyet spesielt utvikla for lange ekspedisjonar i tøffe farvatn. Designet kombinerer eit robust offshorefartøy-basert skrog med luksuriøst interiør og svært høg grad av komfort. Fartøyet er designa av Marin Teknikk i Herøy, i samarbeid med Kyle Dick i det New Zealand-baserte selskapet Oscar Mike Naval Architects.

- Det er svært gledeleg at Graeme Hart ønskjer å bygge enda eit spektakulært fartøy hos oss, og det er ei stor anerkjenning av det arbeidet våre tilsette har gjort til no på fartøy nummer ein. Utviklinga av desse fartøya viser også at det nære samarbeidet i den maritime klynga evnar å ta denne industrien vidare og inn i nye marknader, seier Ståle Rasmussen, konsernsjef i Kleven. Fartøyet vil innehalde utstyr frå fleire utstyrsprodusentar på Sunnmøre, blant andre Rolls-Royce, Hareid Group, Jets og Sperre.

Graeme Hart er ein erfaren yachteigar med fleire nybyggingsprosjekt bak seg, og har vore på Kleven Verft fleire gongar for å følgje med i byggeprosessen.

-Eg er svært nøgd med kvaliteten på arbeidet som Kleven har utført til no, og med korleis våre organisasjonar har jobba ilag for å verkeleggjere dette spennande prosjektet. Eg gled meg verkeleg til å sjå begge fartøya ferdigbygde, seier Graeme Hart.

Det 116 meter lange fartøyet vil ha ei innreiing for 66 personar, og skal leverast frå Kleven Verft i juli 2016. Det første fartøyet skal leverast frå verftet sommaren 2015.

MT 5006 Mk II ESV
MT5006MKII%20ESV.jpg

Illustrasjon: Marin Teknikk
 
Sjøsette 116 meter lang yacht frå Kleven Verft

Luksusyacht nr. to og byggnr. 370 vart sjøsett frå Kleven Verft i Ulsteinvik i dag.

Dette er den andre yachten Kleven leverer til Graeme Hart frå New Zealand, og også denne gongen var Hart og familien tilstades ved sjøsettinga. Det første fartøyet, 107 m lange Ulysses, vart levert frå Kleven Verft i 2015 og er no på seglas i Middelhavet.

Fartøyet er av typen MT 5006 MKII ESV, designa av Marin Teknikk. Interiøret er designa av Oscar Mike Naval Architects i New Zealand. Fartøyet er spesialdesigna for lange ekspedisjonar i røffe farvatn, og kombinerer eit robust skrog med luksuriøst interiør. Fartøyet har innreiing for 66 personar, og skal leverast frå Kleven Verft i juli i år.

Bnr370a.jpg


Bnr370b.jpg


Bnr370c.jpg

Foto: Berge Myrene via Kleven
 
Kleven har levert superyacht

Kleven har levert den 116 meter lange superyachten Ulysses til eigaren, Graeme Hart. Det spektakulære fartøyet gjekk frå Kleven Verft i helga, med kurs for Tyskland og slutt-utrusting der.

- Vi set stor pris på det gode samarbeidet vi har hatt med Hart og teamet hans, og på tilliten som er vist oss ved at dei på kort tid har bygd ikkje berre ein men to fantastiske fartøy hos Kleven, i eit segment som har vore nytt for oss, seier Ståle Rasmussen, konsernsjef i Kleven.

Fartøyet av typen MT 5006 MKII ESV (Exploration Support Vessel) frå Marin Teknikk, og er spesielt utvikla for lange ekspedisjonar i røffe farvatn. Søsterskipet, ein 107 meter lang superyacht – også den kalla Ulysses, vart levert til eigaren i august 2015.

- Desse to fartøya har blitt svært viktige referansar for oss i ein ny og spennande marknad, og vi opplever stor merksemd rundt dei, seier Rasmussen.

Overleveringa av det første fartøyet til Graeme Hart i 2015 markerte starten på eit skifte i leveransane frå Kleven. I vel ti år har verftsgruppa, med få unntak, levert offshorefartøy hovudsakleg til norske eigarar. Kleven har no ei differensiert ordrebok, med fartøy til fleire ulike segment: hurtigruteskip, fiskefartøy, ankerhandteringsfartøy, kabelleggingsfartøy, brønnbåtar, hybridferjer og ein slaktebåt.

U116 "Ulysses"
Bnr370d.jpg

Foto: Berge Myrene via Kleven
 
Overlevert 30. november 2016 fra Kleven Verft, men først ferdig 21. juni 2018 fra verftet i Tyskland som gjorde ferdig innredinga og siste finish utvendig

Nyligt gjekk den fra Tyskland mot Gibraltar

"Ulysses"
Ulysses 1.jpg



Ulysses 2.jpg


Ulysses 3.jpg


Ulysses 4.jpg

Alle foto: via Superyatch Pacific
 
Ser denne cruiser rundt på Vestlandet fortida etter å holdt til i Florida tidligere

Ser ut til å ha blant anna vert i Flåm nå nyligt
 
Back
Top