"Rygertroll" - Hurtigbåt på strekninga Ålesund-Godøya-Valderøya

Refvik

Administrator
Staff member
Frisk start då Godøy-tunnelen blei stengd

Godøytunnelen skal vere stengd til april 2019. Og det blei ein frisk start der hurtigbåten dansa på bølgjene og Godøy-folket pakka seg godt inn i støvlar og regnklede.

Dei undersjøiske Ålesundstunnelane skal rehabiliterast. Og i natt blei Godøytunnelen stengd. Det blir kolonnekøyring til faste tidspunkt, men vegvesenet ønskjer minst mogleg biltrafikk gjennom tunnelen. Dermed er det sett opp hurtigbåt på strekninga Ålesund-Godøya-Valderøya.

– Dette blir bra
Og for ein start dette blei torsdag morgon. Regnet hølja ned og den harde vinden natt til torsdag skapte stormbølgjer der hurtigbåten skulle gå.

– Eg høyrde at det skulle bli uvêr. Men eg har kledd meg godt. Vinden har spakna og dette blir bra, seier Audhild Dyb. Ho har fått seg ein kopp kaffi og skal på arbeid i Ålesund sentrum.

– Tenkte på uvêret
Dyb reiser til vanleg med bil til Ålesund og er van til å kunne gå tørrskodd heilt heimanfrå til kontorpulten hos Jangaard Export.

– Eg vurderte om eg skulle køyre, men eg høyrde på radioen at båten gjekk og at det gjekk veldig bra. Så då bestemte eg meg for å ta båten eg også.

Kø for kolonne
Ved tunnelen samla det seg store køar med bilar som ville vere med på den neste kolonnekøyringa. Ved 7-tida sto 45 bilar og venta. Og mellom 7.00 og 8.30 er det kontinuerleg kolonnekøyring. Men deretter er tunnelen heilt stengd i mange timar og det blir maks 30 bilar i kvar kolonne.

– Vêret har kanskje gjort at det ikkje blei så veldig mange som reiste med båt på dei første avgangane. Det var kanskje meir behageleg å sitje i bilen, seier prosjektleiar Ole Kristian Birkeland i Statens vegvesen.

Les mere på sidene til NRK Møre og Romsdal

Fram til april 2019 er det hurtigbåt som gjeld på strekninga Godøy-Ålesund. Og med kraftig regn og vind blei det ein frisk start på perioden då tunnelane skal rehabiliterast.
Rygertroll.jpg

Foto: Jannicke Susann Farstad / NRK
 
Fra neste år er det Rygercruise som kommer opp når den er ferdig i Eikefjorden med motorbytte og litt omgjøring p.g.a den ruten og da blir Trollet fast stasjonert i Bergen :) Ser fram til mange turer med Trollet, for det er en flott sightseeingbåt
 
Back
Top