Sølvtrans, Bygg nr. 76 ved Myklebust Verft, Kongsberg NVC 389 "Ronja Nærøysund"

Refvik

Administrator
Staff member
Myklebust signerer kontrakt med Sølvtrans igjen

Myklebust Verft har inngått sin fjerde brønnbåtkontrakt med Sølvtrans Rederi i Ålesund.

Fartøyet er basert på Kongsberg NVC 389 og er av same design som Sølvtrans allereie har under bygging hos Myklebust. Lastekapasiteten er på 4000 m³. Også dette skroget skal byggast ved det tyrkiske verftet Hat-San. Levering av det som blir bygg nr. 76 frå Myklebust Verft er kontraktsfesta til oktober 2021.

- Vi er stolte over å lykkast med fleire kontraktar til Sølvtrans. Det gjev oss store mulegheiter til å, i lag med alle involverte aktørar, utnytte positive synergiar og læring frå prosjekt til prosjekt, seier dagleg leiar i Myklebust Verft, Inge-Jonny Hide. Kontrakten inneber også mange leveransar frå ei rekkje lokale verksemder der dei største i omfang er Kongsberg Maritime, MMC FIRST PROCESS og Hareid Group.

- Vi opplever ein positiv marknad for denne 4000-kubikk serien som vi har kontrahert hos Myklebust og for oss finn vi den kvaliteten vi jaktar på lokalt, seier reiar og administrerande direktør i Sølvtrans, Roger Halsebakk.

- Kontrakten høver godt med den strategien Myklebust har valt ved å bygge fleire fartøy til same kunde med kjend teknologi og design. Det er også ei stor tillitserklæring frå Sparebanken Møre at dei stiller med byggefinansiering til nok eit nybygg ved Myklebust Verft, seier Hide.

Med denne kontrakten har Myklebust ein ordrereserve på om lag ein milliard kroner innan nybygg og ettermarknad. Verftet har 135 eigne tilsette.

"Ronja TBN"

Illustrasjon: Kongsberg Maritime
 

Refvik

Administrator
Staff member
 
Top