Servicebåt AS, Bygg nr. 45 ved Fitjar Mek. Verksted, HFMV P26-200 ELAX "ELAX TBN"

Refvik

Administrator
Staff member
#2
Kontraherer nødslaktefartøy med eigenutvikla ELAX-sortering

Servicebåt fekk nyleg tildelt forskingsmidlar frå Regionale Forskningsfond Vest og desse midlane saman med fleire avtaler om bruk av eit ferdig fartøy gjer at selskapet tirsdag kunne signere kontrakt med Fitjar Mekaniske Verkstad (FMV) om bygging av eit nytt nødslaktefartøy med eigenutvikla ELAX-konsept ombord.

Gründarane bak reiarlaget frå Austevoll, Magne Hatlevik, Ståle Torsvik og Mons-Ove Hauge har i fleire år jobba med utviklinga av eit nytt konsept med hurtig og automatisk sortering av innsamla skada fisk, under og etter ei eller anna form for mekanisk handtering av laks og ørret.

Selskapet har hatt med seg forskningspartnarar frå Havforskningsinstituttet og Nofima med stor kompetanse på elektrisk bedøving, fiskevelferd og kvalitet. Forprosjektet i vinter dokumenterte at ELAX metoden (patent pending) er særdeles effektiv og resultata viste at ein med dette systemet truleg kan berga opp mot 100 prosent av fisken som i dag vert skada og døyr i samband med ulike mekaniske handteringar på sjølokalitetar.

Konseptet går ut på å fortløpande samle inn skada fisk under ei behandling og sørge for rask og effektivt bedøving og bløgging før den vert lagra ferdig utblødd på kjøletankar fram til lossing på slakteri. Det unike er ELAX-systemet som raskt og automatisk skil ut eventuelle allereie døde fisk og sikrar at ingen av desse kjem med i behandlinga og lagringa av fisk som skal til human konsum.

Satsinga med nødslaktefartøy vert samla i eit eige selskap og dei gode resultata i vinter har vakt såpass oppsikt at fleire oppdrettarar og andre no vert med på eigarsida av det nye fartøyet. Langøylaks og Troland Lakseoppdrett frå Austevoll vert begge medeigarar og ser fram til å få anledning til å berge all fisk som elles ville stått i fare for å ende opp som ensilasje under ulike behandlingar.

– Det er klart at me ser etter stadige forbetringar i drifta vår og skulle aller helst unngått all form for behandling av fisk som medfører fare for dødelighet. Men eit slikt konsept som reduserer dødelegheita med henimot 100 prosent under ulike nødvendige mekaniske handteringar er noko som verkeleg gjer utslag på driftsresultata våre, samstundes som det utgjer ein svært viktig forbetring av fiskevelferd i slike nødssituasjonar, seier dagleg leiar i Langøylaks, Karsten Inge Møgster.

– Eit slikt fartøy og løysing skulle me hatt på plass for lenge sidan, seier Ole Morten Troland i Troland Lakseoppdrett, men no gler me oss til båten er på plass neste sommar og ser fram til å få det klart til bruk om ein nødssituasjon skulle oppstå.

– Me har god tru på at det er mange oppdrettarar som vil sjå stor nytte av å bruka denne båten til å berge fisken sin når fartøyet ikkje er i teneste hjå oss.

Reiarlaget har hatt eit svært godt utviklingssamarbeid med FMV og Heimli Ship Design og ein har vore innom mange ulike størrelsar og løysningar før ein no har landa på eit svært effektivt design. Fartøyet vil måle knappe 26 meter i lengde (loa) og ha ei bredde på knappe ti meter. Det får ein lastekapasitet på 140 tonn bløgga fisk og kan dermed også nyttast til ordinært slaktefartøy med bløgging på merdkanten før fisken vert frakta ferdig kjølt til vidareforedlingsanlegg.

Les meir på siden til iLaks

"ELAX TBN"

Illustrasjon: Heimli Ship Design
 

Refvik

Administrator
Staff member
#4
Elax skal redde fisk for oppdrettsnæringen

55 millioner fisk dør årlig og er rent svinn i oppdrettsnæringen. Båten som skal nødslakte og redde oppdrettsfisken kommer i desember.

Det var i sommer at Servicebåt AS på Storebø i Austevoll tegnet kontrakt med Fitjar Mekaniske Verksted (FMV) for å bygge en nødslaktebåt til bruk i oppdrettsnæringen. Prosjektet har en prisramme på mellom 80 og 100 millioner kroner.

- Det går for sent selvfølgelig. Det tok litt tid å få på plass finansiering og kontrakter. Men nå er kontrakter på plass og båten er iverksatt på Fitjar Mekaniske Verksted. Tegningsarbeidet er i full gang og vi ser frem til levering i desember, og nå kan jeg si i år, sier daglig leder Mons-Ove Hauge i Servicebåt AS.

Fire oppdrettskunder inne

Hauge har signert avtaler med fire oppdrettere, men vil ikke gå ut med navn ennå.

- Det er tre mindre og en stor oppdretter, alle på sørvestlandet. Det er veldig viktig å få frem at dette er et beredskapsfartøy, sier Hauge.

Les meir på sidene til Fiskeribladet



Tegning: Heimli Ship Design
 
Top