Ulstein Verft håpar på ny kontrakt før ferien

Refvik

Administrator
Staff member
Håpar på ny kontrakt før ferien

- Vi håpar vi har noko på gang før vi startar ferien i år, seier konsernsjef Gunvor Ulstein i Ulstein Group

Med generalforsamlingsvedtaket om at eigarane skal sprøyte inn meir eigenkapital i ryggen lettar Gunvor Ulstein litt på sløret om utsiktene for nye store oppdrag.
- Det er spennande ting på gang, seier ho.

Langsiktig plan
Ei samrøystes generalforsamling sa fredag ja til å ta opp lån og hente inn meir kapital i form av eit konvertibelt lån frå dagens eigarar.

Kapitalutviding er naudsynt for å gjennomføre dei prosjekta Ulstein Group alt er i gang med, og for å sikre at konsernet kan ta på seg nye oppdrag, i følgje Ulstein.

Tener på tillit
Då marknaden for bygging av offshorefarty fall saman i 2014 måttte Ulstein Group snu seg mot nye marknadar.

Gunvor Ulstein seier at selskapet tidleg såg at omstillinga ville ta tid, og anslår at konsernet i dag er omlag halvvegs i omstillingprosessen.
Ho seier selskapet no får att for eit langsiktig og godt tilhøve til DNB og Innovasjon Norge, som til saman låner 150 millionar kroner til Ulstein Group - samstundes som eigarane gir eit like stort konvertibelt lån til selskapet.

- Du byggjer opp tillit over tid, og den tilliten er der fortsatt. Difor kan vi finne sånne løysingar i ei vanskeleg tid, seier Gunvor Ulstein.

Les meir på sidene til Nett.no (Krever innlogging)
 
Back
Top