Vil avluse 450 tonn i timen med denne båten - "Seisund"

Refvik

Administrator
Staff member
Vil avluse 450 tonn i timen med denne båten

Ifølgje Arne Bakke får båten «Seisund» Norges største avlusningsanlegg. Med fire Optilicer-ar skal dei avluse 450 tonn i timen.

– Her er det full rulle, seier Arne Bakke, dagleg leiar i Brødrene Bakke, som held til på Austevoll. Fortøydd mellom Navøy og Spissøy held dei på å installere nytt utsyr på Seisund, som vart bygd i 1991, før den vart oppgradert i 2001.

I midten av september vonar dei at båten er klar for prøvekøyring.

– Det har blitt brukt ein god del pengar på båten no, ler Bakke.

Gigantisk
Ifølgje Arne sin yngre bror, Edvard, har dei brukt 66 millionar kroner på utstyr til båten som kosta reiarlaget 35 millionar kroner. Investeringane står likevel oppdrettsselskapa Lingalaks, Tomregruppen og Eide fjordbruk for. Brødrene Bakke skal drifte båten i teneste for dei tre oppdrettsselskapa.

– Det har vore stor interesse for dette anlegget, då den vil korte ned tørketida for fisken, seier Arne og Edvard Bakke frå styrhuset i Seisund.

Les mere på sidene til http://ilaks.no/vil-avluse-450-tonn-i-timen-med-denne-baten/


Foto: Ole Alexander Saue
 
Last edited:
Top