Windea/Bernhard Schulte, Bygg nr. 315 ved Ulstein Verft, SX 195 "Windea TBN"

Refvik

Administrator
Staff member
Ny kontrakt til Ulstein

Ulstein Verft har inngått ein byggjekontrakt med tyske Bernhard Schulte på eit serviceoperasjonsskip (SOV) av type ULSTEIN SX195 design, utvikla av Ulstein Design & Solutions.

Fartøyet skal støtte opp under vedlikehaldsarbeidet som GE Renewable Energy har på den tyske vinfarmen Merkur Offshore. Prosjektet er utvikla i samarbeid med WINDEA Offshore, som er Bernhard Schulte sin partnar på offshorevindprosjekt.- Ulstein Verft er eit svært påliteleg verft og vi gler oss til å samarbeide med ULSTEIN igjen. Vi har jobba tett og godt saman på to tidlegare prosjekt og begge disse fartøya fungerer svært godt i operasjon, seier Matthias Müller, administrerande direktør i Bernhard Schulte Offshore GmbH.

- Vi har tidlegare designa og bygd fleire skip innan fornybar energi. Berekraftig vekst er svært viktig for oss og vi ser fram til å jobbe saman med Berhhard Schulte, som er ein svært påliteleg og viktig aktør innan dette feltet, seier konsernsjef i Ulstein Group, Gunvor Ulstein.

- Dette blir vårt tredje serviceoperasjonsskip til Bernhard Schulte og det skal leverast tidleg i 2020. Dei to første blei levert i 2016 og 2017. Vi skal gjere vårt beste for å oppfylle forventningane deira også denne gangen, kommenterer administrerande direktør Kristian Sætre i Ulstein Verft.

Fartøyet er av typen SX195 design, utvikla av UDS over tid, er modifisert for å oppfylle spesielle krav i GE Renewable Energy-tenderet og skipseigaren sine ulike val av utstyr. Det har ei stor og sentralt plassert W2W-rørslekompensert gangveg og tårnheis for overføring av personell og last til vindturbinane. Vidare er der også ei 3D-kompensert kran som kan løfte opp til 2 tonn. Det drivstoffeffektive skipet har godt planlagt logistikk om bord, med stor lagerkapasitet, der halvparten er under tak i eit kontrollert miljø, og med trinnlaus overgang til offshore-installasjonane. Hovudutstyret er plassert i aktre enden av skipet og arbeidsoperasjonane skjer herifrå. Det vil då vere naturleg å halde skipet med aktre enden, X-STERN® , mot veret. Dette reduserer slag, støy og vibrasjonar, noko som gir god søvn og betre kvile.

SX195-designet, eit skip som måler 93,4 meter i lengde og 18 meter i breidda, er optimalisert for offshorevind. Skipet har innreiing for 120 personar. Fasilitetane om bord er moderne og av høg kvalitet. Dette skipsdesignet er fleksibelt og attraktivt for arbeid innan område som O&M (drift og vedlikehald) eller som konstruksjonsstøtte, og særleg ved forhold der veret og sjøen er utfordrande.

Kilde: Ulstein
 

Refvik

Administrator
Staff member
KICK-OFF FOR THE NEXT VESSEL IN OFFSHORE RENEWABLES

The steel cutting ceremony of yard number 315, the next offshore wind vessel for Bernhard Schulte, was carried out on 10 Sept 2018. Steel cutting is considered as first step of a newbuild project. The Service Operation Vessel (SOV) is of the SX195 design from Ulstein, and is destined to operate for GE Renewable Energy.

The SOV vessel has been contracted to support the maintenance work by GE Renewable Energy at the offshore wind farm Merkur Offshore.

The vessel is the third SOV vessel from Ulstein to Bernhard Schulte. Based on the SX195 design, she is a longer version of the two previous vessels. More about the vessel.

X-STERN

Equipped with the X-STERN, the vessel will have a strong advantage in her daily operations, as experienced with the first X-STERN vessel in history, the Windea La Cour, also owned by Bernhard Schulte, quoting:

"The X-STERN enables the vessel to run fast and efficient backwards, therefore, the vessel can choose the fastest way to the next turbine with either the bow or the stern first. During the first year in operation the X-STERN has met all expectations and it is amazing to see a vessel going backwards in bad weather without slamming and having spray on deck."

Kilde: Ulstein Group
 

Refvik

Administrator
Staff member
Nyleg signerte Mare Safety kontrakt med Ulstein Verft på ein båt av typen Mare DC12 Windmill. Dette er ein båt med tilhøyrande davit, spesiallaga for personelltransport frå servicefartøy til vindmøller. Båten skal installerast om bord i Bernhard Schulte sitt nybygg, som skal stå ferdig for kunden tidleg i 2020. Mare Safety er ein trufast leverandør, og har tidlegare levert både redningsbåt og bysse-pakke til dei andre fartøya som Bernhard Schulte har bygd på Ulstein Verft.

«Offshore Wind er ein marknad i vekst, og med denne samt tidlegare kontraktar innan dette segmentet stadfester vi dette som eit viktig satsingsområde framover for Mare Safety», – seier Torstein Teigene, produktsjef for båt. Han starta i Mare Safety tidlegare i haust, og ser tydeleg at det blir behov for fleire båtar innan segmentet. Teigene nemner at dei også har ein tilsvarande type båt under bygging som snart skal leverast til det nederlandske verftet Damen.

Kilde: Mare Safety

Mare DC12 Windmill

Illustrasjon: Mare Safety
 

Refvik

Administrator
Staff member
NB 315 has left CRIST

CRIST has finished a partially equipped ship for offshore wind energy. The vessel with construction number NB 315 was built for Ulstein Verft AS shipyard.

NB 315 is an Offshore Service Vessel, that will be used during the construction of an offshore wind farm assembly and maintenance work. It is a sister unit of the Acta Auriga, handed over by Ulstein in March 2018, which, as partly equipped, was also provided by the Crist shipyard.

The ship will be handed out to the owner of Schulte Group, and WINDEA Offshore GmbH & Co KG will be its operator and shipowner. The new vessel will be transferred by the Norwegian shipyard in January 2020.

Basic unit data:
Length: 93,50 m
Width: 18,00 m
Height: 7,60 m
Draught: 6 m
Deadweight: 3175 t
Gross tonnage: 6050

Kilde: Crist S.A

Ser namnet er sveist på skudesida men er tildekka, noken som veit kva det er?

"Windea TBN"


Foto: via Crist S.A
 

Refvik

Administrator
Staff member
Tredje havvindskip for Bernhard Schulte under utrusting

Konstruksjonen av Bernhard Schulte sitt tredje havvindskip designa av Ulstein er i full gjenge hos Ulstein Verft, som er i gong med oppgåver som stålutrusting, mekanisk utrusting, elektrisk stålarbeid, rørlegging og isolering. Kabelstrekking vil starte opp om få dagar.

Bernhard Schulte har tidlegare (2016 og 2017) fått overlevert to havvindskip frå Ulstein. Reiarlaget var det første som bestilte og introduserte til marknaden den nye X-STERN-akterskipdesignet. Denne løysinga aukar den operasjonelle fleksibiliteten og arbeidsforholda til mannskapet på skipa ved havvindfarmane. Hovudutstyret er plassert i aktre enden av skipet og arbeidsoperasjonane skjer herifrå, det vil då vere naturleg å halde skipet med aktre enden mot veret medan det arbeider på havvindfarmen.

Bernhard Schulte sitt serviceoperasjonsskip nummer tre frå Ulstein er eit noko større design enn dei skipa dei har fått frå før, og er av designtypen SX195. Skipet er 93,4 meter langt og 18 meter breitt og har rom for opptil 120 personar.

Designet er tilpassa for å oppfylle tender-krava til chartraren og areiarlaget sitt føretrekte operasjonelle utstyr. Det har ein stor og sentralt plassert ‘walk-to-work’ (W2W) rørslekompensert gangveg med tårnheis for overføring av personell og last til vindturbinane. Vidare er der også ei 3D-kompensert kran som kan løfte opp til 2 tonn. Logistikken om bord er optimalisert med stor lagerkapasitet, der halvparten er under tak i eit kontrollert miljø, og med trinnlaus overgang til turbinane.
I samarbeid med reiarlaget har Ulstein Design & Solutions AS designa eit dieselelektrisk framdriftssystem som i kombinasjon med batteri vil redusere driftstimane på hovudmotorane, spare drivstoff og redusere miljøfotavtrykket.

Kilde: Ulstein Group



71293085_10156134080270938_9142864678777520128_o.jpg
Begge foto: via Ulstein
 

Refvik

Administrator
Staff member
Utfra bildene over, så ser det ut til at namnet på denne er sveist inn i skutesida allerede - noken som veit kva det er?
 
Top