"Bruvik" innkjøpt til Sunnmøre

Refvik

Administrator
Staff member
"Bruvik" ligger for tida ved Vegsund Slip, skal slippsettast Onsdag 18. mai for bunnbehandling

Er kjøpt inn til Sunnmøre av Cruise Service AS i Langevåg

1280px-MS_Bruvik.jpg

Foto: Tor-Egil Farestveit
 
Thomas «Kjellen» Ryste er blitt medeigar i ein ærverdig fjordabåt henta frå Hordaland

Første showboat på Sunnmøre

I mange år var «Bruvik» rutebåt i Hordaland. No skal den sigle dit folk vil. Medeigar er Thomas «Kjellen» Ryste. Så det blir mykje latter om bord.

– «Kjellen» blir å sjå og høyre på båten. Han skal til dømes i aksjon her i neste veke, seier Thomas Ryste.

Men allereie søndag fekk vi ein smakebit på veg ut frå Ålesund.

– Vi ser for oss at båten til dømes skal ta med folk på firmaturar, og turistar. Eller ulike selskap, skyt kaptein Svein Peder Vågnes inn.

Han er også medeigar, og fortel at det allereie er nokon som har bestilt båten til bryllaupsfeiring no i juni.

I vinter lanserte Thomas Ryste planane for ein show- og cruisebåt som skal sigle i fjordane på Sunnmøre.

– Desse planane er slett ikkje lagt på is. Vi arbeider vidare, og det blir ein båt spesielt tilpassa for formålet – med stor scene.

Han håper å få på plass alle brikker i år, eller tidleg neste år, slik at bygginga kan starte.

– Men etter at eg hadde lansert desse planane var responsen så god, at vi fann ut at vi måtte kome i gang med noko allereie i år, seier Ryste.

Seks investorar
Bak «Bruvik» står seks investorar. I tillegg til Ryste og Vågnes finn vi også Roger Halsebakk, Torstein Holsvik, Frode Håkon Kjølås og Kåre Molvær på denne eigarlista.

Går det bra med drifta av «Bruvik» blir dei kanskje med vidare og blir investorar også i det nye skipet som Thomas Ryste planlegg. Ryste håpar iallfall at dei seier ja.

– Det er slett ikkje umogleg, det, svarer Roger Halsebakk.

Les meir på sidene til Sunnmørsposten

INVESTORAR: Desse seks har investert i MS «Bruvik». Frå venstre Svein Peder Vågnes, Frode Håkon Kjølås, Thomas Ryste, Torstein Holsvik, Roger Halsebakk og Kåre Molvær.
04NYHshowbat10.jpg

Foto: Marius Simensen
 
Back
Top