Havila Kystruten, Bygg nr. 1093, 1094, 1193 og 1194 ved Tersan Shipyard, Havyard 923 "Havila Capella/Castor/Polaris/Pollux"

Risberg

Member
Hurtigrutekaiene er ikke tilrettelagt for akterport. De fleste nåværende skipene tar personbiler via sideport med heis.
Kun Stamsund. Bilfergekonseptet har ikke vært aktuelt for Hurtigruten/Kystruten siden slutten av 70-årene, då Hurtigruteselskapene lanserte det som et alternativ til samferdselsminister Asbjørn Jordahls fraktskipskonsept. Vi var 60 000 kystbeboere som skrev under til støtte for Hurtigruteselskapenes konsept, men det ble Jordahls konsept som vant, og vi fikk de mislykkede MIDNATSOL, NARVIK og VESTERÅLEN, som måtte bygges på/om efter kun seks hhv. syv år. I eftertid må vi vel innrømme at bilfergekonseptet heller ikke hadde vært særlig egnet.
 
JohannesB

Kva gjekk dei forkjellige konsept ut på?
 
Risberg

Member
Kva gjekk dei forkjellige konsept ut på?
Vel, konseptet til Asbjørn Jordahl gjekk ut på at der ikkje skulle fraktast turistar, men hovudsakeleg frakt og distansereisande, slik at dei tre åttitalsskipa hadde opphaveleg færre køyer og lugarar enn dei gamle skipa. Resultatet vart, sidan skipa frakta turistar likevel, at der ikkje var plass til dei distansereisande i matsalen, men dei vart vist til kaffistova på styrbords side midtskips. Og trass i at skipa hadde ei stor port på babords side hadde dei ôg ein diger lastekran. Skorsteinen var omlag så høg som det minimale soldekket, der passasjerane fekk eksosen rett i flesen ved medvind.

Men etter berre seks-sju år vart lastekranen fjerna, to lugardekk, ein bar og eit soldekk var bygd som ein modul og montera i akterskipet, skorsteinen vert forlenga og på babords side vart ein attrappskorstein montert. Den knøttlille utsiktssalongen til MIDNATSOL vart forlenga fram til heisen, og NARVIK og VESTERÅLEN fekk likeeins salongar.

Hurtigrutas konsept var å gjere skipa til bilferger, men eg trur berre med akterport, ikkje baugport. Det hadde gjort det naudsynt med ombyggnad i dei fleste hamnar. Det finnest ein modell av det konseptet på Hurtigrutemuseet på Stokmarknes.
 
Risberg

Member
Eg tek det kanhenda litt for mykje for gjeve, at alle hugsar/veit korleis Hurtigruteskipa såg ut før 1982. Men skipa før åttitalsskipa - dei siste vart bygde i 1964 (LOFOTEN, KONG OLAV og NORDNORGE) - var reine passasjerbåtar med lastekran i baugen, som alt, sjølv bilar, vart lasta og lossa med. "Italiabåtane" ERLING JARL, MIDNATSOL, VESTERÅLEN og SANCT SVITHUN (bygde 1949-50) og skipa før krigen hadde sågar to mindre kranar og lasteluker mellom overbygga for 1. høvesvis 2. plass. Dei to overbygga kunne berre nåast innabords gjennom lugardekka i skroget.
 
Refvik

Administrator
Staff member
Vel, konseptet til Asbjørn Jordahl gjekk ut på at der ikkje skulle fraktast turistar, men hovudsakeleg frakt og distansereisande, slik at dei tre åttitalsskipa hadde opphaveleg færre køyer og lugarar enn dei gamle skipa. Resultatet vart, sidan skipa frakta turistar likevel, at der ikkje var plass til dei distansereisande i matsalen, men dei vart vist til kaffistova på styrbords side midtskips. Og trass i at skipa hadde ei stor port på babords side hadde dei ôg ein diger lastekran. Skorsteinen var omlag så høg som det minimale soldekket, der passasjerane fekk eksosen rett i flesen ved medvind.

Men etter berre seks-sju år vart lastekranen fjerna, to lugardekk, ein bar og eit soldekk var bygd som ein modul og montera i akterskipet, skorsteinen vert forlenga og på babords side vart ein attrappskorstein montert. Den knøttlille utsiktssalongen til MIDNATSOL vart forlenga fram til heisen, og NARVIK og VESTERÅLEN fekk likeeins salongar.

Hurtigrutas konsept var å gjere skipa til bilferger, men eg trur berre med akterport, ikkje baugport. Det hadde gjort det naudsynt med ombyggnad i dei fleste hamnar. Det finnest ein modell av det konseptet på Hurtigrutemuseet på Stokmarknes.

Desse to illustrasjonane med andre ord?
Costal Express - Mike Bent.jpg
Kilde: Boka Costal Express av Mike Bent
 
Risberg

Member
Nettopp. Og det vart jo det siste, men med endå større kran i akterskipet, som vart bygd. Pussig at man på bilferja ôg hade tenkt seg styrbords port - det vart jo berre babords port. Ein ting, som ein ikkje ser på silhuetteikninga, er at Hurtigruteselskapas forslag hadde to sideskorsteinar medan dei som vart bygde opphaveleg berre hadde skorstein på styrbords side. På VESTERÅLEN och NARVIK var det den som bar rederifargane medan det på MIDNATSOL var trappehuset opp til den knøttlille utsiktssalongen som gjorde det, og skorsteinen var fyrst gul, så kvit og til sist svart.

40980649gk.jpg

40980663pn.jpg

MIDNATSOL i Harstad i 1983

40980743xb.jpg

NARVIK i Svolvær i 1984

40980746an.jpg

Ombord på NARVIK

40980852oz.jpg

VESTERÅLEN i Bergen 1988, like etter at ODS hadde kjøpt opp aksjane i VDS, slik at den hadde fått ODS(OVDS)-skorstein men ikkje den raude skrogstripa istaden for den blå VDS-stripa
 
Last edited:

Anonymus

Active Member
Tilbake til Havila Kystruten.

De lover første tur fra 26. September fra Bergen med Havila Capella.

Rederiet lover å informere passasjerer og befolkningen langs kysten om eventuelle endringer så snart ny informasjon foreligger.
 
JohannesB

Member
Hei i runden, utifrå bildene eg kunne finne, får Havila sine skip ikkje samme type lasteport som hurtigruten bruker. Noken som har idee eller fakta til konseptet Havila kommer til å bruke for lasting av gods?
 
Jan

Jeg synes jeg ser konturene av passasjer- og godsport på hver sin side av teksten, der fenderlisten er brutt.
1627970919160.png1627971225406.png
 
Last edited:

Jan

Active Member
Konseptet for Hurtigruten er vel at det kan lastes gods og biler parallellt.
1627972400181.png

De unngår å bruke heisen for gods ved å ha en gaffeltruck på innsiden og en annen på utsiden i forskjellige nivå. Havila har jo mye mindre bilkapasitet, så de kan vel da ha tid til å laste gods over bilheisen. Det gir kanskje en begrensning for å laste svært lange kolli på tvers. Men en bør kunne håndtere ganske lange gjenstander ved å sette de på en vogn og ta de over bilheisen.
 
Last edited:

Risberg

Member
Konseptet for Hurtigruten er vel at det kan lastes gods og biler parallellt.
View attachment 6991

De unngår å bruke heisen for gods ved å ha en gaffeltruck på innsiden og en annen på utsiden i forskjellige nivå. Havila har jo mye mindre bilkapasitet, så de kan vel da ha tid til å laste gods over bilheisen. Det gir kanskje en begrensning for å laste svært lange kolli på tvers. Men en bør kunne håndtere ganske lange gjenstander ved å sette de på en vogn og ta de over bilheisen.
Ja, Hurtigruten bruker vel så og si aldri personbilsheisen ved lossing/lasting. Men det jo være mer tidkrevende å gjøre det ved heisen, hvis det er det Havila legger opp til!
 
Last edited:
Top