Denne veka er nemleg den siste Fjordkatt skal gå i ruta mellom Knarvik, Frekhaug og Bergen. Snøggbåten skal få seg ny arbeidsplass på Sunnhordlandsruta. Eigentleg skulle ein ny båt, Alversund, ha vore på plass på Nordhordlandsruta for lengst, men sidan reiarselskapet Brødrene Aa gjekk konkurs tidlegare i år, har alt vorte utsett.Brødrene Aa greidde etterkvart å starta opp att på nytt, og kom tilbake i drift denne veka. Når MS Alversund vil vera ferdig er likevel enno usikkert.
To båtbytter dei neste vekene
Difor vert det mellombelse løysingar for Nordhordlandsruta framover. Heile neste veke vil Vingtor frakta pendlarar mellom Nordhordland og byen, opplyser pressekontakt i Skyss, Øyvind Strømmen til NH. Deretter vil Ladejarl koma inn som ein meir langsiktig vikar for Fjordkatt, fram til den nye båten er på plass. MS Ladejarl har halde til i Trøndelag, og har gått i rute mellom Trondheim og Kristiansund. Snøggbåten har plass til 274 passasjerar, og er altså ein del større enn avtroppande MS Fjordkatt, som tek 180 og MS Alversund, som skal ta 199 passasjerar.