Introduserer X-BOW® i ny ‘kompaktkonsept’-portefølje for RoPax

Refvik

Administrator
Staff member
Introduserer X-BOW® i ny ‘kompaktkonsept’-portefølje for RoPax

Ulstein har nyutvikla fleire X-BOW®-design til bil- og passasjerferjer. Porteføljen er utvikla frå vårt ‘kompaktkonsept’. Konseptet gir auka konkurransekraft for slike skipsdesign ved at innteninga vert høgare som følgje av redusert finansiell og operasjonell kost.

X-BOW® er eitt av Ulstein sine bidrag til reinare og meir berekraftige skipsoperasjonar, og integrering av X-BOW på RoPax-fartøy er ei naturleg designutvikling.

Sjå RoPax-porteføljen

Miljø
Mange RoPax-fartøy opererer under tøffe klimatiske forhold, som X-BOW-skipa opphaveleg vart utvikla for. Eit X-BOW-skip som opererer med same hastigheit i dei same verforholda vil ha mindre kraftforbruk enn eit fartøy med konvensjonell baug. X-BOW er ei skrogløysing som har vorte tatt i bruk innan ei rekke ulike marknadssegment, og fører til betre sjøeigenskapar, redusert fartstap og drivstofforbruk, og med det eit redusert miljøfotavtrykk.

RX101-in-air.jpg


Sikkerheit og komfort
Sjøeigenskapane til RoPax-skip er viktige for lasta og passasjerkomforten. I mange tilfelle vil rørslene i skipa gjere at det må slakke ned. Dette vil då vere utfordrande når det gjeld å halde ei rute. RoPax-skip med X-BOW vil derimot ikkje behøve å redusere farta sjølv ved rimeleg røft ver, noko som bidreg til å halde timetabellen. Dette er stadfesta med offshoreskip, der meir enn 90 skip allereie er i arbeid.

Fleksibilitet og effektivitet
Kompaktkonseptet med kortare, breiare og meir saktegåande designløysingar gir høgkapasitetsfartøy og mindre kostnadskrevjande nybygg. Konseptet gir høgare fleksibilitet når det gjeld køyretøylogistikken på skipa, ein fleksibilitet som er høgt verdsett av kundane i RoPax-industrien.

Framdriftssystemet til skipet kan bli planlagt ut frå operasjonsprofilen til skipet og den fastsette timeplanen. Eit mindre framdriftsanlegg vil gi lågare kapitalinvesteringar (CAPEX), mindre vedlikehald (OPEX) og redusert energiforbruk (VOYEX), noko som gjer skipsoperasjonane meir effektive. Vidare, og like viktig, vil kraftforbruket gi ein grønare profil for skipet og skipsoperasjonane.
ULSTEIN ZED-løysinga kan også bli brukt på RoPax-skip for å oppnå nullutslepp i lengre periodar når skipet er i hamn eller i sensitive område.

- RoPax er eit segment i vekst og vi kjem til å sjå fornyingar av flåtane i åra som kjem. Vi har i lengre tid arbeidd for å integrere Ulstein sin designtankegang i ei rekke RoPax-fartøy. Alle desse vert utstyrte med X-BOW-skrog, seier områdeansvarleg for Design & Solutions i Ulstein Group, Tore Ulstein.

RX103-Ulstein-March19-Sea-SB-Fore-Low.jpg


RoPax-design for volummarknaden
- Designa våre på RoPax-fartøy er optimaliserte til marknadsbehova og vil bli bygde i seriar for volummarknaden, seier Tore Ulstein. Eit mogleg land for skipsbygging er Kina.

- Vi har hatt selskap og site team i Shanghai og Ningbo i mange år, og våre medarbeidarar der har lang erfaring med systemintegrasjon og oppfølging på verfta, seier Tore Ulstein. Han held fram:

- Meir enn halvparten av dei meir enn 100 Ulstein-designa bygde utanfor Noreg har blitt bygde i Kina med oppfølgingsteam frå Ulstein på staden. Vi har gode relasjonar til dei kinesiske samarbeidspartnarane våre og er i dialog med fleire verft om bygging av desse RoPax-fartøya.

RX102-Ulstein-PAX-March19-Sea-PS-Fore-5.jpg


Ei tilnærming som kombinerer det beste av to kulturar
Ulstein har fleire gongar tidlegare designa volumseriar, sist gong med ein serie på opp til ti ekspedisjonscruiseskip for bygging i Kina. Med nordmenn og kinesarar arbeidande side om side i selskapa våre i Kina, har vi ei innsikt i begge kulturar som bidreg til å jamne ut språkbarrierar og kulturelle utfordringar som ein finn i det internasjonale forretningslivet.

Prototypverft i Noreg
RoPax-serien er utvikla for volumkonstruksjon. For kundar som ønskjer meir skreddarsaum og designtilpassingar har Ulstein sitt eige prototypverft, Ulstein Verft, i Ulsteinvik.

Kilde og Illustrasjoner: Ulstein Group
 
Ulstein i dialog om ropax-skip

Ulstein med nyutvikla X-Bow-design - er i dialog med fleire verft om bygging.

Ulstein Group har utvikla fleire X-Bow «kompaktkonsept» for ropax-marknaden. Tore Ulstein fortel at dei er i dialog med fleire verft om bygging – og Kina er mest aktuelt.

Les meir på sidene til Nett.no (Krever innlogging)
 
Back
Top