M.A.Kvalsvik
Active Member
Foto Mare Safety
Fra dagens Vestlandsnytt:
– Dette er vi veldig stolte over, seier dagleg leiar for selskapet, Are Garshol, i ei pressemelding.
Sin største båt nokosinne
Selskapssjefen synest det er kjekt å kunngjere at dei no overleverer sin største båt noko sinne. Ein brannbåt av typen Mare DC 14 Fire Fighter, spesialbygd for å stette krava til oppdragsgjevar, Kristiansand Brann og Redning.
– Denne båten er godt utrusta for brann- og redningsteneste, med både røyk- og vassdykking, båretransport, samt vasskanonar med tilhøyrande brannpumpe, legg han til.