Maersk, Bnr. 382-387 ved Kleven Verft, SALT 200 "Mærsk Master/Mariner/Mover/Minder/Mobiliser/Maker"

MÆRSK MOBILISER ER LEVERT

Mærsk Mobiliser vart levert frå Kleven i dag; den femte av ein serie på seks ankerhandterarar til Maersk Supply Service A/S. Bygd for operasjon på store havdjup er den såkalla Starfishserien utstyrte med ei rekkje nyvinningar, noko som har sikra alle søsterskipa jobb rett etter levering.

Mærsk Mobiliser er av typen Salt 200, og har eit ope dekksareal på meir enn 800m2, med 102m2 overbygd dekksareal i tillegg. Ho er også utstyrt med ein ankerhandteringsvinsj på 450 tonn. Denne er plassert i ei lukka garasje slik at mannskap og utstyr er verna for dei røffe omgjevnadane fartøyet tidvis opererer i. Mærsk Mobiliser har isklasse Ice 1A og er også forberedt for oljeoppsamling. Trekkrafta til fartøyet er målt til 260 tonn.
Mærsk Mobiliser vart døypt under ein enkel seremoni på kaia ved Kleven Verft i dag, med Trine Munch
Agerskov som gudmor. Fartøyet vil forlate Kleven i løpet av veka for å mobilisere til sin fyrste jobb for ein stor kanadisk operatør som støtteskip for boring, samt halde unna havis i det aktuelle området.

Det siste skipet i serien vil bli levert frå Kleven Verft i slutten av januar 2019.

Kilde: Kleven

"Mærsk Mobiliser"
M%C3%A6rskMobiliser_d%C3%A5p.jpg

Foto: via Kleven
 
Sjette og siste skipet i denne serien, "Mærsk Maker" har planlagt overlevering 14. februar
 
Siste av ein serie på seks skip levert til Maersk frå Kleven

No er heile Starfish-flåten komplett.
Mærsk Maker vart levert frå Kleven 14. februar 2019. Dette er den sjette og siste av ein serie på seks ankerhandterarar til Maersk Supply Service A/S. Bygd for operasjon på store havdjup er den såkalla M-serien utstyrt med ei rekkje nyvinningar, noko som har gitt dei eit godt rykte i den globale marknaden.

Mærsk Maker vart døypt under ein seremoni på kaia ved Kleven Verft, med Rikke Eskjær som gudmor. Fartøyet vil forlate Kleven like over helga med kurs for Aberdeen, og spot-marknaden i Nordsjøen.

Uttale frå konsernsjefane
Olav Nakken, konsernsjef i Kleven Verft AS, er godt nøgd både med prosjektet og samarbeidet som vi har hatt med Maersk: - Det er stor stas at vi no leverer frå oss det sjette søsterskipet i Starfishserien. Prosjektet har vore viktig både for Kleven og for alle underleverandørar som har vore involvert. Maersk er ein kvalitet- og sikkerheitsbevisst kunde som vi har lært mykje av, særleg i samband med HMS og igangsetting av maskinerisystem, seier Nakken og held fram: - No når Starfishflåten er komplett, tek vi eit farvel med Maersk for denne gang, og ønskjer dei velkomne tilbake!

- Heilt frå leveringstidspunktet har M-klasse-serien, nokon av dei nyaste fartøya som opererer i olje-service industrien, vist sine avanserte eigenskapar og store kapasitet. Fartøya leverer imponerande resultat innan ei rekke tenester, og vi har mottatt positiv tilbakemelding frå våre kundar over heile verda, seier konsernsjef Steen S. Karstensen, Maersk Supply Service.

Fakta om Mærsk Maker
Mærsk Maker er av typen Salt 200, og har eit ope dekksareal på meir enn 800m2, med 102m2 overbygd dekksareal i tillegg. Ho er også utstyrt med ankerhandteringsvinsj på 450 tonn. Denne er plassert i ei lukka garasje slik at mannskap og utstyr er verna for dei røffe omgjevnadane fartøyet tidvis opererer i. Mærsk Maker har isklasse, og er også klargjort for ROV-operasjonar og oljeoppsamling. Trekkrafta til fartøyet er målt til 260 tonn.
 
"Mærsk Maker" skifter til Canadisk flag ved Myklebust Verft og dermed også namnet til "Maersk Maker"?
MaerskMaker.jpg

Foto: © Oddgeir Refvik
 
"Maersk Maker" er ferdig i Canada og har nå skifta flagg tilbake til Dansk - usikker om den skifter namn til "Mærsk Maker" også, men det vil eg tru den gjer...
 
"Maersk Mobiliser" inn til Aberdeen idag tidleg fra St John's, Newfoundland
Maersk Mobiliser 1.JPG

Maersk Mobiliser 2.JPG
Begge foto: David Dodds
 
MÆRSK MINDER inn til Bergen 25/08, skal denne få Norsk flagg ?, ser det står LGXQ under det Danske kallesignalet og Imo nummeret, lurer på om det kan være et Norsk kallesignal.
maersk minder skips (5).JPGmaersk minder skips(13).JPG
 
Las ein plass at Mærsk skulle satse på det norske spotmarkedet og søkte etter nytt mannskap med krav om norsk statsborgerskap så ting kan tyde på at den er på veg til å få norsk flagg
 
  • Like
Reactions: Gta
Back
Top