Maersk, Bnr. 382-387 ved Kleven Verft, SALT 200 "Mærsk Master/Mariner/Mover/Minder/Mobiliser/Maker"

Refvik

Administrator
Staff member
Kleven med storkontrakt med Maersk

Kleven har inngått kontrakt med Maersk Supply Service om bygging av seks ankerhandteringsfartøy. Kontrakten inneheld også opsjonar på ytterlegare fire fartøy.

Dei 95 meter lange fartøya er av SALT 200 AHTS-design frå Salt Ship Design, og skal byggast både ved Kleven Verft og Myklebust Verft.

- Eg er stolt og glad over at Maersk, som er eit av verdas største reiarlag, valde Noreg og Kleven når dei skulle fornye ankerhandteringsflåten sin. Det viser klart og tydeleg at vi er konkurransedyktige internasjonalt når det gjeld pris, leveringstid og ikkje minst kvalitet, og er ei stor anerkjenning av våre tilsette på verfta og det arbeidet dei legg ned kvar dag, seier Ståle Rasmussen, konsernsjef i Kleven.

- Dette er ein svært viktig kontrakt for oss, vunne i det som for tida er ein ekstremt krevande marknad. Om alle opsjonane vert innfridd, vil denne kontrakten gje arbeid for verfta våre heilt fram til 2018, og det er fantastisk å ha ein så lang horisont for våre tilsette, seier Rasmussen.

Dei første seks fartøya skal leverast frå siste kvartal 2016 til tredje kvartal 2017.

Mange norske utstyrsleverandørar er også inkludert i prosjektet, nokon som gjev store og positive lokale ringverknader.

SALT 200
Maersk Kleven 0.jpg


Maersk Kleven 1.jpg


Maersk Kleven 2.jpg

Alle illustrasjoner: Salt Ship Design
 
Mærsk Starfish Class 1 - "Mærsk Master"

Første Mærsk-fartøy levert

Fredag 24. mars leverte Kleven Verft byggnr. 382 til Maersk Supply Service. Dette er første fartøy i ein serie på seks ankerhandteringsfartøy som Kleven har under bygging for Maersk.


Fartøyet blei døypt på kaia ved Kleven Verft, og fekk namnet Mærsk Master av gudmor Gitte Jacobsen.

Maersk er eit av verdas største reiarlag, og dei seks fartøya frå Kleven inngår i selskapet sin flåtefornying. Det 95 meter lange ankerhandteringsfartøyet er av SALT 200-AHTS-design frå Salt Ship Design, og er eit svært kraftfullt fartøy. Fartøyet er bygd for ankerhandtering på store djup.




Foto: Olav Thokle

08.jpg

Foto: Fuglefjellet AS
 
Mærsk Starfish Class 2 - "Mærsk Mariner"

Overlevering av Mærsk Mariner

Mærsk Mariner, byggnr. 383 frå Kleven Verft, vart 6. juli overlevert til Maersk Supply Service, som fartøy nummer to i ein serie på seks ankerhandteringsfartøy verftet har under bygging for selskapet.

Fartøyet vart samtidig døypt ved kaia på Kleven Verft og vart ønska ein trygg seglas av gudmor Volia Santos Nielsen.

Den 95 meter lange ankerhandteringskjempen er bygd for operasjonar på store djup, og går frå verftet i helga med kurs mot Australia.

maersk-mariner.jpg

Foto: Ukjent
 
  • Like
Reactions: Gta
Mærsk Starfish Class 3 - "Maersk Mover" ved Kleven Verft på tirsdag denne veka
Maersk Mover.jpg

Foto: © Oddgeir Refvik
 
  • Like
Reactions: Gta
Mærsk Starfish Class 4 - "Mærsk Minder"

Bilde fra tirsdag denne veka...
Maersk M-class 4.jpg

Foto: © Oddgeir Refvik
 
  • Like
Reactions: Gta
Mærsk Starfish Class 5 - "Maersk Mobilizer"

Bilde fra tirsdag denne veka...
Maersk Mobilizer.jpg

Foto: © Oddgeir Refvik
 
Mærsk Starfish Class 6 - "Mærsk Maker"

Bilde fra tirsdag denne veka...
Maersk M-class 6.jpg

Foto: © Oddgeir Refvik
 
Fra Facebook sidene til Kleven

"31. januar vart byggnr. 384, Mærsk Mover, døypt ved kaia på Kleven Verft, og overlevert til Maersk Supply Service. Mærsk Mover er det tredje skipet i ein serie på seks ankerhandteringsfartøy Kleven byggjer for det internasjonalt leiande reiarlaget. Vi ynskjer båt og mannskap hell og lukke!"
27072297_1754506611260063_6125891977435483478_n.jpg

Foto: Ukjent via Kleven
 
Fleire prisar til Kleven under OSJ
Maersk Master fekk pris under OSJ i London

Det første Maersk-skipet levert frå Kleven, "Maersk Master", fekk prisen som "Offshore Support Vessel of the Year" under OSJ i London

Det Kleven-bygde skipet Maersk Master vart kåra til årets ”Offshore Support Vessel of the Year” under Offshore Support Journal Conference & Awards (OSJ) i London denne veka. Det er Salt Ship Design som har teikna fartøyet. Så seint som sist veke vart det tredje fartøyet Kleven har bygd for Maersk døypt ved kaia på Kleven.

Les meir på sidene til Vikebladet Vestposten
 
Ser ut til at den fjerde i denne serien, altså bygg nr. 385 får namnet "Mærsk Minder"
 
"Mærsk Minder" på prøvetur i Storfjorden idag - bilde tatt på lang avstand fra ferga Sulesund-Hareid
Maersk Minder.jpg

Foto: © Oddgeir Refvik
 
  • Like
Reactions: Gta
"Mærsk Maker" på beddinga ved Kleven Verft idag
Maersk Maker 1.jpg


Maersk Maker 2.jpg

Begge foto: © Oddgeir Refvik
 
Da kan Norsk Skipsfarts Forum presentere ei komplett liste med namna på desse seks i Mærsk Starfish klassa:

Bnr. 382 "Mærsk Master"
Bnr. 383 "Mærsk Mariner"
Bnr. 384 "Mærsk Mover"
Bnr. 385 "Mærsk Minder"
Bnr. 386 "Mærsk Mobilizer"
Bnr. 387 "Mærsk Maker"
 
"Mærsk Minder" er fortsatt på prøvetur, bilde fra i ettermiddag
Maersk Minder 1.jpg

Foto: © Oddgeir Refvik
 
"Mærsk Mover" utgående fra Aberdeen onsdag i forrige veke etter bunkring ved Albert Quay
Maersk Mover 1 - DDodds.jpg


Maersk Mover 2 - DDodds.jpg

Begge foto: David Dotts
 
  • Like
Reactions: Gta
Starfish-serien for Maersk – ei suksesshistorie:

Fartøy nummer fire levert i dag, og det sjette sjøsett


Den 95 meter lange kraftpluggen Maersk Minder vart levert frå Kleven Verft i dag. Bygg nr. 385 er det fjerde fartøyet i Starfish-serien på seks ankerhandteringsfartøy for Maersk Supply Services.

I ettermiddag vart fartøyet døypt ved kai på Kleven Verft under ein seremoni leia av konsernsjef Karsten Sævik. Gudmor var Anni Bak.

- Dette fartøyet er nummer fire i serien, og verftet har igjen demonstrert evna til å bygge svært avanserte og sofistikerte fartøy. Vi er veldig takksame for innsatsen til alle leverandørar og våre eigne tilsette samt støtta vi har motteke frå Maersk sitt team her på verftet. Vi er stolte av å ha slike hederlige oppdragsgjevarar på verftet vårt, seier konsernsjef i Kleven, Karsten Sævik.

- Å gjennomføre eit nybyggprosjekt av ein prototype er definitivt ikkje ei enkel oppgåve. Opent og ærleg samarbeid er heilt nødvendig, og det gledar meg å seie at samarbeidet mellom Kleven og Maersk Supply Service har vore framifrå. Ved å ha ein konstruktiv dialog rundt utfordringar som naturleg oppstår i eit slikt prosjekt, så føler eg vi har lagt kjølen for desse høgkvalitets fartøya, seier Chief Operating Officer i Maersk Supply Services, Claus Bachmann.

Bygd for ankerhandtering på store havdjup gjekk Maersk Minder sine tre søsterskip, Maersk Master, Maersk Mariner og Maersk Mover, rett i arbeid etter levering frå Kleven, og dei har prestert veldig bra. Desse fartøya utfører tenester som nedstenging av offshoreinstallasjonar (decommisioning), tauing og installasjon, i tillegg til forsynings- og ankerhandteringstenester.

- Nye høgkvalitets fartøy er alltid spennande, men det er først når vi står overfor kundane at vi verkeleg må vise kva vi er gode for. Fartøya må yte 100% frå dag ein, og skape meirverdi for kunden. Eg er glad for å kunne seie at alle dei tre tidlegare leverte fartøya i Starfish-serien har oppfylt alle forventningar og haustar gode tilbakemeldingar frå kundar, med skryt av gode fasilitetar og særs god drivstoffeffektivitet, seier Bachmann.

Også ein anna milepæl vart nådd i dag, med sjøsettinga av det sjette og siste fartøyet i serien, bygg nr. 387. Det femte av systerskipa er under ferdigstilling og skal leverast seinare i år.

Fartøya er designa av Salt Ship Design.

"Maersk Minder"
njgzltkcwjlp9mtxjvpg.jpg

Foto: Ukjent via Kleven
 
Overlevering på "Mærsk Mobilizer"er satt til Oktober i år, mens siste ut "Mærsk Maker" blir i Januar neste år
 
Back
Top