Brødrene Aa inngår kontrakt med Norled om bygging av tre elektriske hurtigbåtar
Brødrene Aa har inngått kontrakt med Norled om bygging av tre 45 meter lange fartøy som skal trafikkere Trøndelagskysten. Dette er Brødrene Aa sin største enkeltkontrakt nokon sinne, med ein samla kontraktsverdi på 420 millioner kroner for dei tre fartøya som skal byggast.
To av båtane vil operere ruta mellom Trondheim og Kristiansund. Den tredje båten skal gå mellom Trondheim og Brekstad på Ørlandet. AtB tildelte i haust anbodskontraktene for desse rutene til Norled, med oppstart januar 2024. Det er no avgjort at båtane skal byggast hos Brødrene Aa.
Dei tre hurtigbåtane skal utrustast med batteribyteløysinga SHIFTR, eit system der batteripakkar blir bytte ved ruteanløp, og blir erstatta med ferdig lada batteripakkar som blir teke om bord.
Batteribyteløysinga SHIFTR kjem som eit resultat av eit Pilot-E utviklingsprosjekt leia av Norled, der Brødrene Aa har deltatt, og som har pågått over fleire år. Det er gjort avtale om at bytteløysinga skal piloterast på to eksisterande båtar bygde av Brødrene Aa, Baronen og Baronessen. Dei to katamaranane har sidan 2009 vore i drift for Ruter i Oslofjorden. Brødrene Aa og Norled gjekk nyleg inn den formelle kontrakten for ombygging av desse to fartøya til heilelektrisk drift, og SHIFTR skal då takast i bruk i ordinær rute for første gong.
Vi er sjølvsagt glade for at vi har landa desse kontraktene med Norled. Dei er svært viktige for oss på fleire måtar, seier Tor Øyvin Aa, dagleg leiar i Brødrene Aa. – For det første bidrar det til god og føreseieleg aktivitet, etter nokre utfordrande år for selskapet. Samtidig tek vi no eit nytt stort sprang på vegen mot nullutslepp for hurtigbåtar.
Regjeringa gjekk nyleg ut med eit mål om nullutslepp i alle nye hurtigbåtkontraktar frå 2025. Brødrene Aa og Norled får med prosjekta det no er gjort avtalar om, demonstrert teknologi som bringer industrien eit langt steg vidare for å møte denne utfordringa.
– Vi ser fram til å tilby miljøvenlege og behagelege hurtigbåtturar mellom Trondheim og Kristiansund, samt Trondheim og Ørlandet, seier administrerande direktør i Norled, Heidi Wolden.
– Saman med prosjekt som allereie er i produksjon skal vi levere fartøy og ombyggingar for over 900 mill. kroner til Norled fram til utgangen av 2024, seier Tor Øyvin Aa. – Det er klart at Norled med dette har blitt ein veldig viktig kunde for Brødrene Aa. Samtidig er vi blitt nære samarbeidspartnarar, der vi saman løftar fram nye, berekraftige teknologiske løysingar.
Brødrene Aa har i dag 150 tilsette. Med aukinga i aktivitet vil verftet ha behov for å tilsetje fleire utover sommaren og hausten, både i Eikefjord og i Hyen. Rekrutteringsaktivitetar for å sikre tilstrekkeleg kapasitet er allereie i gang.
Kilde: Pressemelding Brødrene Aa
Illustrasjon: Brødrene Aa