Sølvtrans, Bygg nr. 75 ved Myklebust Verft, Kongsberg NVC 389 LFC "Ronja Vest"

Refvik

Administrator
Staff member
Myklebust Verft jobber med å skaffe seg kontrakt på en større brønnbåt, noken som veit til kven og kva design?
 

Refvik

Administrator
Staff member
Myklebust kan få storkontrakt

Sølvtrans skal byggje ein serie med brønnbåtar. Kun norske verft er aktuelle. Brønnbåtane skal ha ein lastekapasitet på 4.000 kubikkmeter. Halsebakk vil ikkje seie kva verft som får oppdraget med å byggje brønnbåtserien. Myklebust Verft i Sande er eitt av verfta som er i sluttforhandlingar med Sølvtrans om bygging av ein serie med brønnbåtar. Verftsdirektør Inge Jonny Hide seier at det er hyggjeleg at Myklebust vert trekt fram som aktuelt byggjeverft for Sølvtrans. Det vert spennande å sjå kven som kjem til å stå bak byggjenummer 75 ved verftet, det første nybygget frå Myklebust på eigen kjøl etter at verftet vart skilt ut frå Kleven.

I tillegg planlegg brønnbåtreiarlaget å byggje ein brønnbåt på heile 7.500 kubikkmeter. Det er like mykje som Ronja Storm, som no er under bygging, og hittil er den største satsinga i Sølvtrans-regi.

I tillegg til serien med båtar, har selskapet nyleg kontrahert ein brønnbåt med lastekapasitet på 2.500 kubikkmeter ved Aas Mek Verksted på Vestnes.
Frå før har Sølvtrans 21 båtar, og fire under bygging. Aas-båten vert den femte under bygging. Denne båten skal vere ferdig til oktober 2020. Båten har ikkje kontrakt no, men det håper vi å få før han er ferdig. Sjå Sølvtrans, Bygg nr. 204 ved Aas Mek. Verksted, AAS 2502 ST "Ronja TBN" ang. denne

Kilde: Utdrag fra artikkel på sidene til Nett.no
 

Refvik

Administrator
Staff member
Myklebust Verft har inngått kontrakt med Sølvtrans Rederi om bygging av ein ny brønnbåt

- Dette er ein fantastisk dag for alle oss ved Myklebust Verft, seier dagleg leiar Inge-Jonny Hide ved verftet som leverte to brønnbåtar til det same reiarlaget i 2017. - At Sølvtrans, som er verdast største brønnbåtreiarlag, vel å kome tilbake for å bygge meir hos oss er ei stor tillitserklæring. Strategisk jaktar vi på prosjekt der vi har mest muleg kjende faktorar for å redusere risiko. Derfor er det ekstra godt nytt for oss at Sølvtrans kjem tilbake og at vi kjenner både kunden, designet og teknologien i prosjektet godt.

- Vi har svært gode erfaringar med Ronja Ocean og Ronia Diamond som vi fekk bygt på Myklebust og ser fram til å utvikle samarbeidet vidare, seier reiar og administrerande direktør i Sølvtrans, Roger Halsebakk. Og så er det ekstra hyggeleg å kunne bygge ved verftet i Sande kommune der Sølvtrans-reiarlaget har sine røter, seier Roger.

Den nye brønnbåten får bygg nr. 75 ved Myklebust Verft og skal leverast i mars 2021. Designet er basert på Kongsberg NVC 389. Samanlikna med dei to førre brønnbåtane vi leverte til reiarlaget, er lastekapasiteten auka frå 3200 m³ til 4000 m³. Dette har ein oppnådd ved å auke skroglengda med 7,2 meter. Skroget skal byggast ved det tyrkiske verftet Hat-San.

- I lag med våre tilsette, leverandørar, kundar, eigarar og bankar har vi lagt bak oss ein svært krevjande periode. Derfor vil nok dagens kake-feiring av denne svært viktige kontrakten smake ekstra godt, avsluttar Inge-Jonny Hide.

"Ronja TBN"
Kongsberg-NVD-389-III-web.jpg

Illustrasjon: Kongsberg
 

Refvik

Administrator
Staff member
 

Refvik

Administrator
Staff member
"Ronja Vest" nermer sjøsetting ved skrogverftet Hat-San i Tyrkia
image_4037e971-fc11-4b89-b656-ecefa4c6c2a420201031_045700.jpg
Foto: via verftet
 

Refvik

Administrator
Staff member
Skroget til B75 på veg til Myklebust

I morgontimane i dag forlet skroget til B75 det tyrkiske skrogverftet Hat-San. Slepetida til Gursken er estimert til å ta om lag 25 døgn – sjølvsagt avhengig av vértilhøva

Vi takkar Tor Inge og inspektør-teamet vårt i Tyrkia for den store innsatsen som er lagt ned i samband med skrogbygginga.

Vi har reist til eit nytt land, eit nytt skrogverft og i tillegg har vi hatt koronasituasjon. Dette i sum har gjort arbeidet ekstra krevjande.

Men, no har vi endeleg nådd denne viktige milepålen og ser fram til å starte med utrustningsarbeidet på den første i ein større serie med brønnbåtar til Sølvtrans

Kilde: Myklebust Verft

"Ronja Ves"
ronja-vest.jpg

Foto: via Myklebust Verft
 

Refvik

Administrator
Staff member
 

Refvik

Administrator
Staff member
"Ronja Vest" blei overlevert i går, skal døypes på Leirvik i Stord på fredags ettermiddag
 

Refvik

Administrator
Staff member
 
Top