Skipsnamn – ein studie i manglande logikk og historieløyse

Risberg

Active Member
I tråden The TT fleet in 2022 har me nett dryfta TT-Line sine til dels merkelege navneval på ferjene deira, og i tråden Hva har Hurtigruten for ledige navn til fremtidige skip? rettar eg søkeljoset på kva Hurtigruta har for namneval.

Reint ålment må det seiast at reiarlaga ofte har eit noko ulogisk høve til namna dei gjev sine skip, ofte med grunn i manglande kjennskap til eigne namnetradisjonar.

Når Hurtigruten hadde kjøpt den ferje, som skulle verte bygd om til SPITSBERGEN, hadde man ei namnetevling der man hevda at navnetradisjonane i reiarlaget var:
1) Kjende, ikkje nolevande personar – der vart Kong Harald drept
2) Stjerner
3) Norske stader utmed kysten
Sanninga er at
a) Vesteraalens Dampskibsselskab hadde nordnorske stadnamn som tradisjon, i tillegg til at eitt skip fekk namnet til honom som grunnla laget; RICHARD WITH – den namnetradisjonen vart føyrd vidare av OVDS, men ôg plukka opp av TFDS med TROLLFJORD
b) Det Bergenske Dampskibsselskab hadde ikkje berre stjernenamn men himmelfenomen, og det er jo dei sistnemnde som er vorte vidareføyrde av TFDS; MIDNATSOL, NORDLYS og POLARLYS
c) Det Nordenfjeldske Dampskibsselskab hadde JARL-namn, men ôg kongelege namn, som TFDS plukka opp med KONG HARALD
d) Det Stavangarske Dampskibsselskab hadde to Hurtigruteskip med namnet SANCT SVITHUN, men valde KONG OLAV til skipet som vart bygd efter SANCT SVITHUN, som gjekk ned i 1962
e) Så lenge Ofotens Dampskibsselskap berre hadde eitt Hurtigruteskip, heitte det NORDNORGE. Når dei kjøpte det som NFDS hadde tinga på Trondhjem Mek. Verkstad fekk det navnet NARVIK, den einaste nordnorske by som har fått eit Hurtigruteskip oppkalla etter seg og den einaste nordnorske by som Hurtigruta/Kystruta ikkje går til lengre
f) Så hadde Troms Fylkes Dampskibsselskabs lokalbåtar geografiske namn, som ôg MIDNATSOL frå 1982 fekk, når hu kom att til Hurtigruta etter at MIDNATSOL frå 2003 var sett inn; LYNGEN

Når det gjelder Color Line så kan ein jo lure på kvifor dei to Kiel-ferjene heiter COLOR FANTASY høvesvis COLOR MAGIC! Kvifor ikkje anten COLOR FANTASY og COLOR MAJESTY eller COLOR FANTASTIC og COLOR MAGIC?

Fjord Line byrja bra, med fjordnamn, heilt til det evneveike HSC FJORD FSTR. Måten å skrive namn utan konsonantar har dei openbert "låna" frå Viking Line på Ålands Hav.

Kristiansands Dampskipsselskap gav sin fyrste togferje, som aldri frakta ei jarnbanevogn, namnet SKAGERAK I. Den fyrste, som verkeleg frakta jarnbanevogner, fekk namnet SKAGEN og den neste, som sørgeleg gjekk ned allereie etter eitt år, SKAGERAK. Systerskipet vart gjeve namnet CHRISTIAN IV. (med punktum etter romertal!). Så kom Fred. Olsen inn i biletet, som gjev sine skip namn som byrjar med bokstaven B, uakta kva det føyrer til; BRUSE, BOLERO, BRAEMAR, BLACK WATCH, så dei siste to togferjene på Skagerak vart gjevne namna BUENAVISTA høvesvis BORGEN (siste omdøypt SKAGEN av Color Line).

Danske Statsbaner var høveleg konsekvent med kongelege, norrøne og geografiske namn.

I høve til ein hemmeleg avtale, som vart nekta for fantest, så gav østtyske Deutsche Reichbahn og Statens Järnvägar sine ferjer geografiske namn, og DR avheldt seg frå "kommunistiske" og SJ frå kongelege namn. Likevel døypte SJ si nye Travemündeferje DROTTNINGEN i 1968, etter kallenamnet til DROTTNING VICTORIA, som var den ferje som opna Travemünderuta, likevel eit uhyre fantasilaust namn.

Og så var det TT-Line då. Eit vesttysk reiarlag, som byrja med ei ferje mellom Trelleborg og Travemünde i 1962, samstundes som filmen "Nils Holgerssons underbara resa", tufta på boka med same namn av Selma Lagerlöf, gjekk på svenske kinoar og ei gate i Trelleborg vart gjeve namnet Nils Holgerssons väg, og ferja fekk namnet NILS HOLGERSSON. Ferje nummer to kom i 1965 og fekk namnet PETER PAN. Så er det vorte til seks NILS HOLGERSSON og fem PETER PAN meire, og kvar gong, unnateke den siste, har man hatt namnetevling der man har hevda at reiarlagets namnetradisjon er flygande eventyrfigurar, men kvar gong endt opp med NILS HOLGERSSON og PETER PAN. Alle andre ferjer, innchartra slike, reine ro/pax-ferjer og dei som har måtta gje frå seg NILS HOLGERSSON høvesvis PETER PAN, har fått namn etter litterære figurar, som slett ikkje har floge; OLIVER TWIST, ROBIN HOOD, GÖSTA BERLING, HUCKLEBERRY FINN og TOM SAWYER, med godvilje kan man kanhenda hevda at MARY POPPINS flaug – med ein paraply. NILS DACKE er ikkje eit TT-Linie-namn opphaveleg, det er vorte teke over frå Saga-Linjen, som vart slege saman med TT-Linie til det som ei kort tid vart kalla TT-Saga-Line. Og så kom MARCO POLO då, heilt utafor ein kvar namnetradisjon, teke frå eit tidlegare chartra skip, det er berre det at det heitte MARKO POLO. Når man no har vedteke å døype om den sjette NILS HOLGERSSON til AKKA, så er det i røynda ein flygande eventyrfigur, men det er fyrste gong ei TT-ferje har eit namn med berre eitt ord.


 
Last edited:
HELT konsekvente var de vel ikke i gamle dager heller, Nordenfjeldske sitt hurtigruteskip fra 1931, som sank i 1941 het "Prinsesse Ragnhild"
 
HELT konsekvente var de vel ikke i gamle dager heller, Nordenfjeldske sitt hurtigruteskip fra 1931, som sank i 1941 het "Prinsesse Ragnhild"
Det er vel et kongelig navn? De hadde også DRONNING MAUD, såvidt jeg husker (og for å være ærlig var jeg litt forbauset over at ikke NORDLYS 1994 fikk navnet DRONNING SONJA).
 
Er det noen byer i sør som har fått skip oppkalt etter seg siden du påpekte Nordnorske byer?
 
Ikke Hurtigruteskip. Men BDS hadde jo, lenge før Hurtigruten ble påbegynt, et skip som het BERGEN. Det kolliderte med samme selskaps NORGE utenfor Sørlandskysten, mellom Oksøy og Odderøy, i 1855, og det var ved opptelling av mannskap fra de to skipene at en matros fra BERGEN, som hadde havnet blant mannskapet til NORGE, ytret de berømte ord Eg er ikke fra Norge, eg er fra Bergen. (BDS hadde f.ø. et skip som hette FINMARKEN også, i 1860-årene.)

Men hvorfor jeg nevnte nordnorske byer var for at Narvik er den eneste nordnorske by (og nu ser jeg bort fra alle "nybyer" efter "frisleppet", og da finnes det syv nordnorske byer; Vardø, Vadsø, Hammerfest, Tromsø, Harstad, Narvik og Bodø) som ikke har Hurtigruteanløp.
 
Last edited:
Litt rotete formulert, men skjønner hvor du vil.
Det har vært skip med de syv byene du nevner, siden du sier BDS hadde Bergen lenge før de var i hurtigruten.
 
Litt rotete formulert, men skjønner hvor du vil.
Det har vært skip med de syv byene du nevner, siden du sier BDS hadde Bergen lenge før de var i hurtigruten.
Jeg vet ikke om det svaret var mindre rotete eller lettere å skjønne. Poenget var at av de syv nordnorske byene er det kun Narvik som fått et Hurtigruteskip oppkalt efter seg, samtidig som det er den eneste nordnorske byen som ikke har Hurtigruteanløp. At jeg nevnte Bergen var som direkte svar på spørsmålet Er det noen byer i sør som har fått skip oppkalt etter seg siden du påpekte Nordnorske byer? Hvis spørsmålet hadde vært hvorvidt der er noen Hurtigruteskip som er blitt døpt efter sørnorske byer, så er svaret nei.

P.S. Det er jo faktisk også kun seks sørnorske byer som har Hurtigruteanløp efter annen verdenskrig; Bergen, Florø, Ålesund, Molde, Kristiansund og Trondheim (før krigen også Stavanger og Haugesund), mens haugevis med sørnorske byer ikke har Hurtigruteanløp.
 
Rettelse: 1944 satte Det Stavangerske Dampskibsselskab inn CHRISTIANIA i Hurtigrutefart. Skjønt, da het jo byen Oslo...
 
Back
Top