Øytank Drift AS, Bygg nr. CZ1702 ved Zhejiang Chengzhou Shipbuilding Co Ltd, Tankbåt "Øytank"

Refvik

Administrator
Staff member
Øytank Shipping med ny kjemikalietankar

Kjemikalietankaren, som blei levert frå eit kinesisk verft, kom til Vigra for vel ei veke sidan. Fredag skal «Øytank» døypast på Skansekaia. Skipet er 44,90 meter lang, 10,20 meter brei og har ei fart på 10,20 knop. Totalt er det åtte lastetankar på skipet.

Det skriv Øytank Shipping, som eig skipet saman med Shipsinvest AS i Ulsteinvik, i ei pressemelding. Øytank Shipping er basert på Vigra og Valderøya.
Dette blir det tredje skipet til reiarlaget, som allereie har eit skip som driv med bunkringstenester og eit som driv med transport av levande fisk.

– Politisk fokus på berekraftig nærskipsfart, kombinert med ein veksande marknad og selskapets kompetanse på frakt av flytande laster, gir grunnlag for vekst og da også denne kontrahering, skriv leiar og eigar, Steinar Uggedal i meldinga. Vidare fortel han at det er stor interesse for skipet i marknaden, men at det ikkje er inngått nokon fraktkontrakt enda.

Kilde: Sunnmørsposten

"Øytank"
Det nye tilskotet til reiarlaget skal døypast fredag.                     (Foto: Øytank Shipping)

Foto: via rederiet
 
Top