Acta Marine Offshore Service, Bygg nr. 308 ved Ulstein Verft, ULSTEIN SX195 "Acta Auriga"

Refvik

Administrator
Staff member
Acta Marine skriv kontrakt med Ulstein på vindfartøy

Ulstein Verft AS har signert ein kontrakt på bygginga av eit DP2 konstruksjonsstøttefartøy (CSV) for det nederlandske selskapet Acta Marine B.V. Skipet er primært tiltenkt arbeid i offshorevindmarknaden og er av designtypen SX195 frå Ulstein Design & Solutions AS.

- Vi utvidar tenestene og flåten vår innan offshorevind og valte Ulstein som partnar for vårt nye konstruksjonsstøttefartøy. SX195-designet med X-STERN®, eit integrert gangvegsystem med 3d-kran, og ei stor innreiing, gjer at dette skipet vert eit nytt steg for å stette marknadsbehova, seier Rob Boer, administrerande direktør i Acta Marine.

Fleksibilitet ute i feltet, operasjonsevne på vinterstida, sikker overføring av folk og last, optimalisert logistikk om bord, høg produktivitet og høg komfort for befraktaren sine folk, er kvar for seg viktige eigenskapar ved skipet.

- Skipet vil bli det neste nivået i marknaden og er svært veleigna til å operere i offshoremarknaden, særleg innan fornybar energi. Viktig for oss er også at Ulstein Verft er kjende for kvalitet og for å levere til avtalt tid, og ein stor del av skipskonstruksjonen går føre seg under tak og i eit kontrollert miljø, fortel Boer.

- Vi er glade for at Acta Marine har valt Ulstein til dette prosjektet, kommenterer konsernsjef Gunvor Ulstein i Ulstein Group. - Vi ser fram til samarbeidet og til å levere eit nytt fartøy til den veksande fornybar energi-marknaden.

CSV-fartøyet er 93,4 meter langt og 18 meter breitt, og kan huse opp til 120 personar. Det vil bli utstyrt med eit dynamisk rørslekompensert gangvegsystem frå SMST, som er montert på eit integrert tårn med høgdejustering og ei personell-/lasteheis. I tillegg har skipet ei 3d-kran med seks tonns løftekapasitet. Lastearealet er 500 kvadratmeter under tak, og 500 kvadratmeter utandørs. Skipet skal kunne syte for overføring av personell og last på ein trygg og effektiv måte i signifikant bølgjehøgd (Hs) opp til 3 meter.

Skipet kan ta oppdrag innan kommisjonering og konstruksjon i installasjonsfasen av offshorevindfarmar, og innan vedlikehald på ferdigstilte vindfarmar. Skipet er planlagt for levering i første del av 2018.

I tillegg til skroglinjedesignet X-BOW®, er fartøyet også utstyrt med X-STERN®, som aukar fleksibiliteten og operabiliteten medan skipet er på offshorevindfarmen. Skrogforma aukar komforten for dei som er om bord, ved at det vert ein vesentleg reduksjon i slag, støy og vibrasjonar.

– Saman med Acta Marine har Ulstein utvikla eit topp moderne fartøy, og vi står klare til å bygge eit skip som skal yte optimalt innan offshorevind, seier Kristian Sætre, administrerande direktør i Ulstein Verft.

Reiarlaget Acta Marine (www.actamarine.com) tilbyr tenester innan område som mudring, konstruksjon, offshore olje & gass og offshore fornybar energi. Det familieeigde selskapet eig og driftar ein flåte på om lag 45 støttefartøy.

Ulstein Group (www.ulstein.com) med hovudkvarter i Ulsteinvik, er eit familiedrive selskap som vart etablert i 1917. Selskapet har aktivitet innan skipsdesign, skipsbygging, system og løysingar for den maritime marknaden. Ulstein har tidlegare levert offshorevinddesign til tre bygde fartøy, eitt av dei arbeider innan installasjonsstøtte og service (ISV/SOV), dei andre to er servicefartøy av typen Service Operation Vessels (SOVs). Fullstendig oversikt over Ulstein Group sine offshorevindreferansar.

Kilde: Ulstein Group

SX195-Acta-Marine-CSV-by-ULSTEIN_Jan2017-SB-Fore.jpg

SX195-Acta-Jan17-Sunset.jpg

SX195-Acta-Marine-CSV-by-ULSTEIN_Jan2017-PS-Fore.jpg

SX195-Acta-Jan17-Cartoon-SB-Fore.jpg

Alle illustrasjoner: Ulstein Group
 
Offshorevindskip for Acta halvvegs i byggeprosessen

Acta Marine sitt CSV-fartøy til offshorevindindustrien passerte halvvegsmerket i slutten av juli 2017. Fartøyet er av ULSTEIN SX195-design, og skal nyttast i tillegg til det eksisterande CSV-skipet 'Acta Orion' til offshore vindbyggingsprosjekt og relaterte marknader som dekommisjonering og olje- og gassverksemd.

Skrogkonstruksjonen av konstruksjonsstøttefartøyet for Acta Marine tok til i Crist i Polen i februar 2017, og det ferdige skroget er planlagt å bli slept til Ulstein Verft i Ulsteinvik tidleg i november 2017. Deretter skal Ulstein Verft fullføre utrustinga av skipet og å installere utstyret som trengst for oppdraga, mellom anna ei rørslekompensert gangbru og kran. Skipet skal ha innreiing for 120 personar.

Leveringa av CSV-skipet er sett til slutten av 1. kvartal 2018.

Kilde: Ulstein Group
 
Acta announces name of newbuild

The construction of Acta Marine’s new built ULSTEIN SX195 walk-to-work DP2 construction support vessel is progressing well and on schedule at Crist shipyard in Poland. Acta Marine has announced that the CSV vessel will sail under the name ACTA AURIGA. The vessel is equipped with the X-STERN to increase flexibility.

Upon delivery the ACTA AURIGA will join ACTA ORION, her semi-sister vessel, and as such form the second vessel in the Acta fleet dedicated for walk to work, offshore logistics and accommodation services for a variety of clients in the offshore renewable industry.

The vessel is named after the constellation Auriga, Auriga means “the charioteer” in Latin. The charioteer plays a crucial role in logistics and support and is therefore indispensable in the fields of battle. This will also be the endeavour of ACTA AURIGA in offshore wind construction projects and/or related markets such as decommissioning and O&G services; the vessel will break new grounds in workability, in-field agility, offshore logistics and comfort on board for 120 persons combined with a low fuel consumption.

Project progression
The completed hull is expected to be towed from of Crist, Poland to Ulsteinvik, Norway early November 2017. Thereafter Ulstein Verft will complete the outfitting of the vessel and the installation of the SMST provided mission equipment - motion compensated gangway and 3D crane. Delivery of Acta Marine’s ACTA AURIGA is slated for end Q1 2018.

X-STERN
The X-STERN has been designed for increased operability and station-keeping whilst in dynamic positioning mode. The vertical transom plate, a very common aft shape, will create slamming when going backwards or when being positioned with the stern towards waves, wind and current. The X-STERN, however, is a pointed aft. The sloping and higher stern, with its sharp stern shape, improves offshore wind farm service and maintenance. This has an importance when it comes to the flexibility and efficiency of the vessel. The X-STERN improves the crew and passenger comfort and increases the operability through positive effects on station keeping, wave response and safety in harsh conditions. It operates with reduced power and fuel consumption while staying positioned.

Offshore Energy 2017
Ulstein Group (stand 1.151) and Acta Marine (stand 1.141) will be present at Offshore Energy 2017 in Amsterdam Rai on the 10th and 11th of October. Feel free to drop by our stands on this occasion!

About the companies
Acta Marine is a trusted marine support provider with a versatile fleet of over 40 vessels. The company operates globally; supporting clients working on coastal infrastructure and offshore energy projects. They work in a broad range of maritime sectors; DP Multicats, Walk-to-work Vessels, Crew Transfer Vessels, Multipurpose & Survey Vessels, and Barges.

Ulstein Group, established 1917, is a group of companies offering a wide range of ship designs, shipbuilding, equipment packages and maritime solutions. The company is headquartered in Ulsteinvik, Norway, with offices in several other countries.

Kilde: Ulstein Group

Acta-Auriga-CSV-vessel-starboard-side.jpg

Illustrasjon: Ulstein Group
 
Konstruksjonsarbeidet på Acta Marine sitt offshorevindskip er i gong på Ulstein Verft

Skroget til Acta Marine sitt nybygg, Acta Auriga, har kome fram til Ulstein Verft. Skipet er av ULSTEIN SX195-design, og skipstypen er eit konstruksjonsstøttefartøy til bruk i offshorevindindustrien. I løpet av dei komande månadene skal skipet bli utrusta og innreidd, testa og prøvekøyrd.

Fartøyet skal no ferdigstillast og SMST sitt oppdragsutstyr, rørslekompensert gangbru og 3D-kran, vil bli montert på skipet.

Etter at skipet er levert, ved utgangen av første kvartal 2018, skal ACTA AURIGA slå følgje med ACTA ORION, som er det andre fartøyet i Acta sin flåten dedikert til walk-to-work, offshorelogistikktenester og innkvartering innan offshore fornybar og offshore energibransjen.

Kjenneteikn ved Acta Auriga:

• Sikker og trinnlaus person- og lastoverføring med rørslekompensert gangveg opp til Hs 3,0 meter

• 3D-rørslekompensert knekkbomkran for 6 tonns lasthandtering i sjøforhold opptil Hs 2,5 meter

• Optimal skrogform med ULSTEIN X-BOW® og ULSTEIN X-STERN® for arbeid ved ugunstige værforhold

• Toppmoderne hotellfasilitetar for inntil 120 personar

• 1 000 m2 dekkplass for lastlagring

Acta Marine (www.actamarine.com) har ein allsidig flåte på over 40 fartøy. Det familieeigde selskapet starta opp i 1970 og opererer globalt i eit breitt spekter av maritime område.

Ulstein Group (www.ulstein.com) er eit familiedrive selskap etablert i 1917, og er spesialisert på skipdesign, skipsbygging, system og tenester for den maritime marknaden. Selskapet har hovudkontor i Ulsteinvik. Ulstein Verft har levert meir enn 300 fartøy, og Ulstein Design & Solutions meir enn 100 design for fartøy med skrogforma X-BOW. Acta Auriga har også den nyutvikla hekkforma X-STERN, ein designkarakteristikk som aukar operasjonell fleksibilitet, reduserer drivstofforbruket og gir betre sikkerheit for mannskap og utstyr.

Kilde: Ulstein Group

Acta-Auriga-at-offshore-wind-farm.jpg

Illustrasjon: Ulstein Group
 
"Acta Auriga" undocked during the weekend...
ActaAuriga2.jpg

Foto: Ukjent via Ulstein Group
 
Ulstein-designa Walk-to-Work-skip får to-årsoppdrag

SOV-skipet Acta Auriga ved dokk hos Ulstein. Foto: Ulstein

SOV-skipet Acta Auriga, for tida under bygging på Ulstein Verft, skal arbeide for Ocean Breeze Energy GmbH (OBE) på deira havvindpark Bard Offshore 1. Skipet skal utføre logistisk støtte til OBE sine vedlikehaldsaktivitetar i vindmølleparken. Skipet er no i ein fase med utrusting og kommisjonering ved Ulstein Verft.

Serviceoperasjonsfartøyet (SOV) tek til i arbeid i andre kvartal 2018. Det 93,4 meter lange skipet vil operere ut frå Emden i Tyskland.
Det er utrusta med ein rørslekompensert gangveg frå SMST med integrert heis og med kranfunksjonalitet. Fartøyet kan også utføre 3D-kompenserte løft med si seks-tonns 3D-kran frå SMST og er utstyrt med eit drivstoffeffektivt framdriftsanlegg. Det er utstyrt med gode lagerområde og integrerte logistikkløysingar, og trinnlaus tilgang til offshoreinstallasjonane.

Les meir på sidene til Maritimt Magasin
 
"Acta Auriga" på prøvetur idag utenfor Hjørungavåg/Hareid i føremiddag - bilde tatt på lang avstand fra ferga Sulesund-Hareid
Acta Auriga.jpg
 
"Acta Auriga" er fortsatt på prøvetur, bilde fra i ettermiddag
Acta Auriga 1.jpg

Foto: © Oddgeir Refvik
 
Vellukka prøvetur for Acta Marine sitt havvindskip

SOV-skipet Acta Auriga har fullført ein vellukka prøvetur. Då dei viktigaste testane på prøveturen var unnagjort, meldte reiarlaget sine representantar følgjande: - Vi i Acta Marine-teamet om bord er veldig imponerte over prestasjonane. Vi kan nesten ikkje vente med å kome oss i arbeid med denne skjønnheita!

Som ein del av prøvetursprogrammet vart fartøyet testa ved maks fart framover og akterover. Som følgje av X-STERN-utforminga av hekken, var akterut fart målt til over 12,5 knop, noko som underbyggjer fleksibiliteten til dette skipet ved vindfarmen. Den registrerte farta framover oversteig 13,5 knop. Støy- og vibrasjonsmålingane synte seg også å ligge godt innanfor grensene til den høge komfortklassa på dette fartøyet.

Skreddarsydd for havvindoperasjonar
Den store krana, gangveg, tårn for vare-/personheis og designløysingane X-BOW og X-STERN gir høg yteevne og stor fleksibilitet, god offshorelogistikk og høg komfort for dei opp til 120 personane om bord. Skipet har også lavt drivstofforbruk.

Baugforma X-BOW er særleg viktig når skipet skal gå i mote sjø, avdi ho splittar bølgjekrafta. Dette gjer at fartøyet vil kunne holde fart utan slag frå sjøen og med mindre vibrasjonar. Når skipet står posisjonert ved ein vindturbin eller offshoreplattform, vil kapteinen ofte velje å halde hekken, X-STERN, mot vêret. Dette vil ikkje berre eliminere slag, men fartøyet vil vere i stand til å halde seg på staden med færre thrusterar aktive, noko som gir redusert redusert drivstofforbruk.

Hovudutstyret frå SMST, som femner om den store, sentralt posisjonerte rørslekompenserte gangvegen, heis for overføring av personell og last, og den 3D-kompenserte krana som kan løfte 6-tonns last, har gjennomgått førebuande testar før prøveturen, og vil bli testa ytterlegare før skipet vert levert.

Ferdigstilling
Fartøyet er av Ulstein sitt SX195-design, og er no tilbake til Ulstein Verft for sluttarbeidet, før skipet skal leverast til Acta Marine. Fartøyet er tildelt ein 2-årig arbeidskontrakt for drift og vedlikehald på havvindparken BARD Offshore 1 utanfor Tyskland.

Kilde: Ulstein Group

"Acta Auriga"
Acta-Auriga-on-sea-trial_Photo-Ulstein-Group_Marius-Beck-Dahle_4834_red.jpg

Foto: Ukjent via Ulstein Group
 
Back
Top