Fjord 1, Bygg nr. 1075 & 1076 ved Tersan, MM 112 FE EL "Møkstrafjord" & MM 102 FE EL "Horgefjord"

Refvik

Administrator
Staff member
Fjord 1 bygger nå er ferge av MM 112 FD EL og ei av MM 102 FE EL design som skal inn på sambandet Krokeide-Hufthamar.

Sjå vedlagt pressemelding for meir info

Desse blir bygg nr. 1075 "Møkstrafjord" og 1076 "Horgefjord" ved Tersan Shipyard i Tyrkia










Alle illustrasjoner: Multi Maritime
 

Attachments

Refvik

Administrator
Staff member
Fjord1 med nye ferjer i Austevoll i 2018



1.januar 2018 overtar Fjord1 drifta av dei to første av i alt elleve ferjesambanda på fylkesvegnettet i Hordaland.

Med nye elektriske ferjer i begge sambanda, både i A-og B-ruta, får dei reisande ta del i den mest miljøvenlege og moderne samferdsleløysinga som har vore på norske fjordar i nyare tid.

MF Møkstrafjord, som skal i rute på Krokeide-Hufthamar blir overlevert Fjord1 frå Tersan Yard i Tyrkia medio januar, og startar då den vekeslange forseglinga mot nordlegare strok.

-MF Møkstrafjord, som er den første ferja som blir ferdigstilt, er difor i beste fall klar til å bli sett inn i sambandet i løpet av februar, men her må vi ta noko atterhald med tanke på været under forseglinga, fortel driftsdirektør Andrè Høyset.

MF Horgefjord, som også skal inn i ruta på Krokeide-Hufthamar, blir ferdigstilt i Tyrkia i løpet av våren/sommaren. MF Husavik, som skal inn i sambandet Husavik-Sandvikvåg blir ferdigstilt ved Leirvik i Sogn, og er klar i løpet av 2018.

Fram til dei nye ferjene er klare, skal MF Trondheim og MF Sulafjord trafikkere Krokeide-Hufthamar, og MF Vågsøy går inn i sambandet Husavik-Sandvikvåg.

-Vi ser fram til å ta over drifta på desse sambanda i Austevoll. Vi føler oss trygge på at vi skal tilby dei reisande eit godt tilbod gjennom dei nye kontraktane, som mellom anna set strenge krav til energibruk, regularitet og nytt materiell, fortel Høyset.

Kilde: Fjord 1
 

Refvik

Administrator
Staff member
Bygg nr. 1075 "Møkstrafjord" blei overlevert 31. januar, mens bygg nr. 1076 "Horgefjord" blei sjøsatt ved verftet 26. janauar


Illustrasjon: Multi Maritime
 

Refvik

Administrator
Staff member
Bunkerstopp for "Møkstrafjord" i Gibraltar 12. februar





Alle foto: © Daniel Ferro
 

Tom McNikon

New Member
Møkstrafjord ankom Bergen lørdag morgen 10 mars. Slik jeg fikk høre ombord så ligger de ca en uke i Bergen til ut neste helg. Litt testing og opplæring av crew. Par turer ut på Byfjorden også regner de med å ta turen for å teste kaianlegget om ca en uke.


Møkstrafjord
by Tom Gulbrandsen, on Flickr


Møkstrafjord
by Tom Gulbrandsen, on Flickr


Møkstrafjord
by Tom Gulbrandsen, on Flickr


Møkstrafjord
by Tom Gulbrandsen, on Flickr


Møkstrafjord
by Tom Gulbrandsen, on Flickr


Møkstrafjord
by Tom Gulbrandsen, on Flickr


Møkstrafjord
by Tom Gulbrandsen, on Flickr


Møkstrafjord
by Tom Gulbrandsen, on Flickr


Møkstrafjord
by Tom Gulbrandsen, on Flickr


Møkstrafjord
by Tom Gulbrandsen, on Flickr


Møkstrafjord
by Tom Gulbrandsen, on Flickr
 

Refvik

Administrator
Staff member
MF "Horgefjord" gjekk fra Yalova kl. 11:50 lokal tid idag, forventa ETA slik det ser ut nå er Bergen 18. Juli kl. 08:00
 

Refvik

Administrator
Staff member
Overleveringsdato "Horgefjord" var 28. juni

Forøvirg ser det ut til at første stopp på vei heim er Ceuta med ETA der Søndags morgen
 

Refvik

Administrator
Staff member
Ved Austevollshella vart fergene "Møkstrafjord" døypt i dag med Gudmor Anja Heggholmen (varaordførar i Austevoll kommune) og "Horgefjord" med Gudmor Bente Bondhus (SP-politikar)
 

Refvik

Administrator
Staff member
Ferjene i Austevoll vart døypt

Flott dåpsseremoni for MF Møkstrafjord og MF Horgefjord.

Tysdag 16.oktober vart Fjord1 sine nye ferjer, MF Møkstrafjord og MF Horgefjord døypt. Ferjene trafikkerer Krokeide-Hufthamar i Austevoll, eit samband som Fjord1 tok over drifta frå 1.januar i år. Dette er det første heilelektriske sambandet i Hordaland.

For Fjord1 har bygginga av dei nye ferjene vore eit spennande prosjekt som selskapet er svært glad for å lukkast med.

- Dette er ein merkedag i Fjord1, og ikkje minst ein merkedag for innbyggarane i Austevoll. MF Møkstrafjord og MF Horgefjord markerer det grøne skiftet i ferjenæringa, og vi er stolte over å tilby innbyggarane og dei reisande eit forbetra- og miljøvennleg tilbod med heilt nye ferjer, seier administrerande direktør i Fjord1, Dagfinn Neteland.

Ferjedåpen vart gjennomført på Austevollshella i Austevoll kommune. Det vart servert kake, sveler og kaffi til alle frammøtte. Det var også anledning til å gå om bord i fartøya.

Kilde og sjå bilder: Fjord 1
 
Top