Havstein Remøy, Bygg nr. 1 ved Barents Solutions AS, Point Aqua® 13 FB "Havstein"

Refvik

Administrator
Staff member
Som tidligere nevnt i posten Nytt verft på Sunnmøre - Barents Solutions AS, har nå Barents Solution fått si første kontrakt:

Nytt båtbyggeri i full sving i Vanylven:

No byggjast nye båtar i «Ulstein-hallen» på Fiskåholmen

Det er nytt liv på Fiskåholmen i Vanylven. Ein 99,9 prosent norskbygd snurrevadbåt er første oppdrag for ei nystarta båtbyggjarbedrift.

I løpet av dei siste vekene har ein ny båt teke form i industrihallen på Fiskåholmen i Vanylven.
Gründeren Harald Bigset i Barents Solutions har starta bygging av mindre båtar i stål og aluminium og den første båten skal leverast til Havstein Remøy i Herøy i løpet av året.

– Etter at vi kom i gong har vi opplevd svært mange førespurnader både frå fiskeri og oppdrettsnæringa. Alt er førebels «fuglar på taket», som ein seier – men vi har i alle fall tak i foten på eit par, så eg kjenner meg trygg på at det blir fleire, fortel Bigset til Sunnmørsposten.

Håpar på lokalt tilsette
I dag har Barents Solutions åtte tilsette i arbeid på fulltid og Bigset håpar det kan bli fleire – ikkje minst frå lokalmiljøet. I dag kjem arbeidarane frå andre stader – mellom anna Hareid, der Bigset sjølv kjem frå.

Industriarbeidsplassar har vore mangelvare i Vanylven dei siste åra, og fleire lokale med fast jobb andre stader har teke kontakt.

– Eg har vore ærleg på at vi førebels berre har ei kontrakt, og då synest folk det har vore for usikkert. Men det er fleire eg vil ta kontakt med om vi sikrar oss jobb for lengre tid framover. Eg veit det er flinke folk her lokalt, ikkje minst når det gjeld stålarbeid, seier Bigset.

Erfaring frå bygging av båtar i aluminium er det lengre mellom, men Bigset ser ikkje på det som eit problem: – Vi har kursa fleire av dei som har starta her no.

Eige design: Designen til snurrevadbåten er utvikla i Harald Bigset sitt eige selskap - Point Offshore. Hareidsdølingen har variert bakgrunn frå den maritime industrien - mellom anna som skipsdesignar i Rolls-Royce Marine.

Eige design
Bigset har solid og variert erfaring frå den maritime industrien. Den har han hatt nytta til å designe snurrevadbåten til Havstein Remøy, gjennom sitt eige selskap Point Offshore.

Bigset fortel at han starta som skipsmålar som 17-åring. Seinare har han vore fleire omgangar i Ulstein Group – og var ei periode i konsernleiinga. Han har også vore skipsdesignar i Rolls-Royce Marine og bygd opp sin eigen bedrift, som han selte. Endatil har han rekt å vere nokre år på sjøen.

Kilde: Sunnmørsposten (Krever innlogging

ffisk%C3%A5holmen97.jpg

Foto: Marius Rosbach
 
Denne blir bygg nr. 1 ved verftet for levering oktober 2018

Designet heiter Point Aqua® 13 FB
 
Point Aqua® 13-5.4 FB fra heimesidene til Barents Solution:
profile_ga_25_08_2017.PNG

Illustrasjon: Barents Solution
 
Back
Top