"Huldra" solgt til Reite Invest

Utdrag fra artikkelen:

"I årsrekneskapen for 2021 blir det opplyst at selskapet i mai i år inngjekk kontrakt om framleige av fartøyet til eit selskap som tilbyr sightseeingturar i Flåm.

Då rekneskapen blei levert i sommar hadde selskapet ikkje motteke betaling for leiga, og avtalen blei difor terminert. I årsrekneskapen for 2021 blir det óg vist til at eigenkapitalen nær er tapt.

Selskapet blei starta i 2015 med namnet Coastal Superyacht Services Norway"
 
Fra Sunnmørsposten:

"– Det er driftsselskapet som er konkurs. Fartøyet er i eit anna selskap og er ikkje ramma av konkursen, opplyser Per Christian Bøe Reite til Sunnmørsposten"
 
SMP.no:
Møre og Romsdal tingrett har opna konkurs i selskapet Hmar AS i Ålesund etter oppbod. Selskap har drive med turisttrafikk, og sentralt i satsinga var passasjerbåten «Huldra».
Det er driftsselskapet som er konkurs. Fartøyet er i eit anna selskap og er ikkje ramma av konkursen, opplyser Per Christian Bøe Reite til Sunnmørsposten.
Fekk ikkje betalt.
Han fortel at passasjerbåten blei leigd ut til eit selskap som skulle gå i turisttrafikk i Sogn, mellom Gudvangen og Flåm.
Det er ein lei situasjon. Vi fekk ikkje betaling. Dei dreiv i 15 dagar i juni, men det kom ikkje betaling, trass i at vi hadde samtaler med dei og purra, fortel Reite.
Sidan dei ikkje fekk betalt blei kontrakten avslutta. Reite håpte i det lengste at dei skulle få dekt driftskostnadene, men det skjedde ikkje.
Ifølgje rettsavgjerda frå tingretten har selskapet opplyst å ha ei gjeld på 1,7 millionar kroner. Verksemda er innstilt og det var ingen tilsette i selskapet.
Skifta namn
Selskapet skifta for kort tid sidan namn frå Huldra Maritime AS, ifølgje opplysningane i Brønnøysundregistra.
I rekneskapen for fjoråret går det fram at nesten heile aksjekapitalen var tapt ved årsskiftet, og styret varsla at det var usikkerheit om vidare drift. Også her blir det opplyst at fartøyet blei leigd ut til ein aktør som driv sightseeing i Flåm. Sidan det ikkje kom betaling frå leigetakaren, blei kontrakten terminert.
Då rekneskapen blei levert i juni kunne styret ikkje seie noko om kor mykje dette ville svekke selskapet si stilling, men det blei gjort klart at ein på kort sikt vil trenge tilførsel av kapital frå morselskap for å kunne drive vidare.

Advokat Erling Flisnes er oppnemnd til bustyrar etter konkursen, og første skiftesamling er 19. desember.
 
Back
Top