Rem Offshore utvidar flåten
Kjøper to forsyningskip. Treng fleire folk.
Rem Offshore i Herøy er oppe i ni skip etter kjøpet av forsyningsskipa "Brage Supplier" og "Brage Trader" frå Bergensbaserte investorar i kommandittselskapet Brage Supplier KS. Partane har ikkje gått ut med prisen for fartya.
Skipa har vore drivne av Simon Møkster Shipping, men drifta blir no overført til Rem Offshore.
Administerande direktør Fredrik Remøy i Rem Offshore seier selskapet reknar med å kjøpe fleire skip og tilsette fleire folk framover.
Alle skipa til Rem Offshore er i arbeid. Dei to siste kjøpa ha oppdrag til høvesvis våren neste år og juni 2020.
Rem Offshor-flåten består no av seks forsyningskip, to konstruksjonsskip og eitt seismikkskip.
Offshore eig rundt 60 prosent av aksjane i dei skipseigande selskap som eig dei to fartya, i følgje Fredrik Remøy.
Les meir på sidene til Nett.no (Krever innlogging)