Statens Vegvesen lyser ut ferjestrekninga Halsa-Kanestraum på anbud

Refvik

Administrator
Staff member
Betre rutetilbod og store miljøgevinstar i ny kontrakt på ferjestrekninga Halsa-Kanestraum i Møre og Romsdal

- Regjeringa satsar på ei grøn framtida i norsk ferjedrift. Derfor stiller vi strenge miljøkrav i den nye kontrakten på ferjestrekninga Halsa-Kanestraum. I tillegg sørgjer vi for fleire avgangar, spesielt i helgane og på nattetid. Slik knyter vi regionane på kvar side av fjorden betre saman og sørgjer for ein enklare reisekvardag for folk flest, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

Statens vegvesen set straks i gang utlysing av nytt anbod. Samferdselsdepartementet har stilt krav om betre rutetilbod og strenge krav til utslepp. Dei tre ferjene som trafikkerer sambandet i dag, blir erstatta med større ferjer. I tillegg er det krav om eit større reservefartøy enn i dag.

No blir ferjesambandet døgnope sju dagar i veka. På laurdagar blir det sju rundturar meir enn i dag.

I dei nye kontraktane er det krav om at heile 95 prosent av energiforbruket skal vere basert på nullutsleppsteknologi. Dei siste fem prosentane skal tryggje driftstryggleiken i sambandet, men skal vere berekraftig biodrivstoff eller LNG.

- På grunn av dei kravet om nullutsleppteknologi i kontrakten, vil berre pris avgjere kven som vinn anbodet. På den måten sørgjer vi for å halde kostnadene nede, utan at det går ut over miljøet eller tryggleiken til dei reisande, seier Dale.

Sambandet Halsa-Kanestraum ligg på E39 aust for Kristiansund og knyter Møre og Romsdal og Trøndelag saman. Overfartstid er på 20 min. Oppstart av den nye kontrakten er i 2021, kontrakten varer i10 år med opsjon om 18 månader ut over kontraktsperioden.
 
Fjord1 er tildelt denne iflg. NRK MR:
Ny kontrakt til Fjord1

Statens vegvesen har tildelt Fjord1 kontrakten på drift av fergesambandet Halsa-Kanestraum på E39. Kontrakten gjelder for tre helelektriske ferger, og for perioden 2021-2030. Rederiene Norled og Torghatten trafikkselskap hadde også levert tilbud
 

Refvik

Administrator
Staff member
Fjord1 leverte beste tilbod

Selskapet er tildelt den siste store kontrakta på E39.

Statens vegvesen har tildelt Fjord1 kontrakta på drift av ferjesambandet E39 Halsa-Kanestraum. Kontrakta gjeld drift av tre heilelektriske ferjer og har ei lengd på 10 år, frå 2021 til 2030.

Regionleiar Odd Reidar Ormåsen er svært glad for tildelinga til Fjord1.

- Først og fremst vil eg gratulere alle i Fjord1 med kontraktstildelinga på Halsafjorden. Dette var det "siste store slaget" på E-39 aksen og ein svært viktig seier for Fjord1! Halsa-Kanestraum er eit av dei sambanda som veks raskast i Norge og der ei fornying av både ferjemateriell og landanlegg er svært kjærkome. Vi er veldig glade for at det er vi i Fjord1 som får ta del i dette store kvalitetsløftet. Eg vil nytte anledninga til å takke alle som har bidrege inn i anbodsarbeidet, både frå sjøsida og landsida; utan alle desse bidraga og kompetansen til den enkelte hadde vi truleg ikkje vunnet fram, seier Ormåsen.

I kontaktra er det opna for bruk av midlertidig materiell i inntil 12 månadar, etter dette må kontrakta driftast av tre heilelektriske fartøy. Dei tre hovudfartøya skal ha ein totaltkapasitet på 360 PBE, der ingen av fartøya kan vere mindre enn 110 PBE. Reservefartøyet skal ha ein minimumskapasitet på 80 PBE. Oppdragsgjevar har opsjon på å sette dette fartøyet inn i fast produksjon (D-ferje).

Statens vegvesen har forplikta seg til å bygge om kaianlegget før kontraktsstart, eit arbeid som er planlagt iverksett i løpet av hausten. Kontrakta forutset AutoPASS som billetteringsløysning, og det vil bli innstallert ei galgeløysning på begge sider.
Nytt rutetilbod i anbodet gir auka opningstid i helg, og vil skilje mellom lav- og høgsesong (sommarrute).

Kriteriet for tildelinga av kontrakta er lavaste pris. Kontrakta vil bli inngått når klagefrist går ut, og er sett til 9. august.

Kilde: Fjord 1
 

Refvik

Administrator
Staff member
Så minst et nybygg og så evt. ombygging til elektrisk på ex. ferger fra Molde-Vestnes sambandet?
 

Refvik

Administrator
Staff member
Signerte ny kontrakt

Større ferjer og fleire avgangar på E39 Halsa-Kanestraum.

Statens vegvesen og Fjord1 har signert kontrakta om drift av ferjesambandet E39 Halsa-Kanestraum. Kontrakta omfattar drift av tre nullutsleppsferjer i 10 år.

Kontraktsperioden er frå 1. januar 2021 og ut 2030, og kontrakta har ein verdi på 1,23 milliardar kroner.

Døgnope samband og auka kapasitet
Dagens ferjer har ein kapasitet på omlag 70, 70 og 90 personbileiningar. Dei tre nye ferjene tar omlag 120 personbileiningar kvar.

- Dette gir ei vesentleg betring i kapasiteten på dette sambandet. Det blir også fleire avgangar på kveld, natt og helg slik at vi frå 1. januar 2021 har eit døgnope ferjesamband sju dagar i veka. Det fins og opsjonar for å sette inn ytterlegare ei ferje viss trafikkveksten skulle tilseie at det er behovet, seier regionvegsjef Kjetil Strand i Statens vegvesen.

Utan klimagassutslepp
I ein overgangsperiode på inntil eit år frå 1. januar 2021 har Fjord1 høve til å segle med ferjer med standard og kapasitet som i dagens kontrakt. Årsaka er at kravet om nullutsleppsferjer gjer at rederiet har høve til å bygge om eller bygge nye ferjer som tilfredsstiller krava til nullutslepp.

- Dei tre nullutsleppsferjene som kjem på Halsa-Kanestraum er enda eit døme på det grøne skiftet som pågår i ferjesektoren. På få år har Statens vegvesen bidrege til å redusere klimagassutsleppa frå ferjer i norske farvatn vesentleg, seier regionvegsjefen i ei pressemelding frå Statens vegvesen.

Kilde: Fjord 1
 
Top