Verdsnyheit frå Brødrene Aa - lanserer hurtigbåt som går på hydrogen
Brødrene Aa har utvikla eit nytt design for nullutslepps hurtiggåande passasjerbåt med hydrogen som drivstoff. Den nye fartøytypen Aero 42 Hydrogen blei presentert for verda inder arrangementet «Utslippsfrie hurtigbåter» på Hell ved Trondheim tysdag 3. september.
Verdensleiande Brødrene Aa er leiande på design og bygging av hurtiggåande passasjerbåtar i karbonfiber. Bedrifta er også leiande på nullutsleppsteknologi og har blant anna levert det prestisjefylte og prislønte fartøyet «Future of The Fjords», verdas første nullutslepps turistbåt. No satsar bedrifta vidare.
– Vi jobbar hardt for å ligge i front, seier Tor Øyvin Aa, direktør i Brødrene Aa, i ei pressemelding.
– Takka vere dyktige medarbeidarar og samarbeidspartnarar er vi klare til å bygge det som kan bli Norges første hurtiggåande hydrogendrivne passasjerbåt.
To av fartøyene skal gå den 95 nautiske mil lange ruta Trondheim-Kristiansund.
Med kapasitet på 275 passasjerar og fart på 34 knop krev ruta mykje energi.
Brødrene Aa har valt hydrogen til framdrift.
Det gir nullutsleppsløysing og moglegheit for å lagre store energimengder om bord. Det siste er viktig for å oppnå lang rekkevidde.
Den nye fartøytypen, Aero 40, er designa for framtiden. Katamaranfartøyet er 42.8m meter langt og kan operere i 34 knops fart over avstandar opptil 150 nautiske mil.
For optimal sikkerheit er brenselceller og lagertankar for hydrogen plassert heilt akter.
Designet med slanke skjærande skrog sikrar god energiøkonomi. Materialval og design gjer fartøyet svært lett, og i tillegg er god passasjerkomfort og universell utforming tatt i vare.
Les meir på sidene til Firdaposten
Illustrasjoner: Brødrene Aa