Dei to ferjene MF Gloppefjord og MF Eidsfjord er snart på plass i Norge og sambandet Anda-Lote.
MF Gloppefjord og MF Eidsfjord har forventa ankomst til Florø i desse dagar om veret held seg bra.
- Når fartøya er på plass i Florø/Nordfjord, vil det bli ein kort periode med utrustning, opplæring av mannskap, og utteseting av kai og ladeanlegg før dei blir sett i drift. Vi forventar at fartøya blir sett inn i ruta Anda-Lote i løpet av veke 1 eller 2, fortel regionleiar Tor Kristoffersen.
"MF Gloppefjord la til kai i Florø torsdag morgon etter ein lang seilas frå Tyrkia. No ventar nokre dagar med utrustning, opplæring av mannskap, og utteseting av kai og ladeanlegg før den er klar for drift ved Anda-Lote!"